Rødland (Fedje gnr 172 bnr 116)

Rødland er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Rødland
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 116
Adresse: Fedjemarka 31

1. Karl Storhaug f. 1935 Nygård (gnr 172 bnr 36-1c) d. 2008 g. 1960 m. Aase Husa f. 1931 (gnr 168 bnr 48-1e) d. 2015. Skøyte 1960 på tomt frådelt gnr 172 bnr 36 same året. Huset vart òg bygd i 1960. Han vart nemnd Kalle, og vart kommunekasserar i 1957. Han var ordførar (repr. Det liberale Folkepartiet) frå 1976 til 1979.

Born: a. Mariann Storhaug f. 1961, neste eigar (2). b. Anita Johanne Storhaug f. 1963 g. 1984 m. Jostein Ånneland f. 1956 Austrheim, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 175). c. Lisbeth Storhaug f. 1965, sjå Nygård gnr 172 bnr 240.

2. Mariann Storhaug f. 1961 på dette bruket (1a), budde før i Husøyna (gnr 168 bnr 336-3). Skøyte i 2016.

Barn med tidl. sambuar Einar Pedersen f. Mo i Rana (busett der): a. Hege Anett Storhaug f. 1987, sjukepleiar, samb.m. Svein Erling Aarseth f. 1984 Karmøy, bustad Oslo.

Fedje komm.svg Rødland (Fedje gnr 172 bnr 116) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bakkehaug (Fedje gnr 172 bnr 111) • Neste bolk: Høgtun (Fedje gnr 172 bnr 124)