Rømerætta

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 12:28 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Rømer (Reymare) norsk adelsslekt, kjend frå midten av 1300-talet. Dei mest kjende medlemmane av ætta er riksrådane Otte Rømer (ca. 1330 – ca. 1411) og sonen hans Svale Ottessøn (ca. 1363 – etter 1415). Svale Ottessøn var det siste mannlege medlemmet i den eldre ætta. Frå søstera hans Elsebe stamma den såkalla yngre Rømer-slekta på Austråt. Til denne slekta høyrde Inger Ottesdatter (ca. 1475–1555) – «fru Inger til Austråt».