Røyrvik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Raavrevijhken tjïelte - Røyrvik kommune
1739 Royrvik komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1739
Fylke Nord-Trøndelag
Kommunesenter Røyrvik
Areal 250.17  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 250.17  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1923
Målform nøytral; sørsamisk
Nettside Nettside

Røyrvik kommune (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller Raavrevijhken tjïelte (Mal:Sørs.) er ein kommune lengst nordaust i Nord-Trøndelag fylke. Kommunen vart utskilt frå Grong herred i 1923. Regionsmessig sett ligg kommunen i Indre Namdalen. Kommunen grensar til Lierne i søraust og Namsskogan i vest. I nord grensar kommunen til Grane og Hattfjelldal kommunar i Nordland fylke. I aust grensar kommunen til Strömsunds kommun i Jämtlands län i Sverige. Røyrvik har sterke band til det sørsamiske og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk.

Med sine 496 innbyggarar (01.04.2013) er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile Noreg (etter Utsira og Modalen kommunar).

Språk

Sørsamisk

Det sørsamiske språket i Røyrvik kommune er av nordlig type, relativt nærme vefsnsamisk. Kommunen vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk frå 1. januar 2013.

Norsk

Den norske dialekten i Røyrvik kommune hører med til dei indre trøndermåla og ligg nærmast limål, men med nokre trekk frå innernamdaling. Trekka frå limål inkluderer fremre u-uttale i ord som uļļ, muņņ; pronomenet me (vi); -a i fleirtal av svake hokjønnsord (ma’ng gryta); -a i dativ eintal av både sterke og svake hannkjønnsord (i staļļa, i bakka); og lukka vokal i dativ fleirtal -om.

Trekk frå innernamdaling inkluderer presens kasta (limål ka’st) og næmni (limål næ’mn) så vel som 1. person eintal eig, som rettnok varierer med limål i.

Administrasjonshistorie

Kyrkja

I 1589 låg sokna Høylandet, Grong og «Glaszøø» (Gløshaug) under Overhalla prestegjeld. Gløshaug kyrkje dekte da Harran, Namsskogan og Røyrvik. I 1820 vart Overhalla prestegjeld delt, og det nye Grong prestegjeld dekte da Høylandet, Grong og Gløshaugen. Innafor Gløshaugen sokn vart det oppretta nye kapelldistrikt — Trones og Røyrvik. Det sistnemnte var eit kapell for nybyggarar og samar som det vart gjeve løyve til i februar 1828. Røyrvik kapell vart innvigd allereie den 11. september same året. Røyrvik kapelldistrikt vart omgjort til sokn i 1923.

Kommunen

Debatten gikk høgt om kommunenamnet. (Indhereds-Posten, 1922)

Grong Formandskabsdistrict vart oppretta i 1838 og inkluderte vår tids Grong, Høylandet, Namsskogan og Røyrvik kommunar. I 1901 vart Høylandet herad utskilt; og i 1923 vart Harran, Namsskogan og Røyrvik utskilt frå Grong herad. Det vart ein del debatt kring namnet på den nye kommunen i Røyrvik-området. Blant forslaga kan nemnast Jaama, Fjellsjø/Fjellsjøan og Rørvik. Det sistnemnte, i forma Røyrvik, endte opp som heradsnamn.

Kjente folk frå Røyrvik

Lenkjer