Røyrvik krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] På 50- og 60-talet var det til tider få born i krinsen.[2] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins. Frå skuleåret 1968/69 var det ingen førsteklassingar frå Røyrvik, og det vart heldt skule for førsteklasse i Eimhjellen og på Solheim, mens andre- og tredjeklasse fekk undervisning på Røyrvik.[3]

Skulehus

I åra etter krinsen vart skipa på nytt i 1928, vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[4] Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[5] I staden vedtok skulestyret same år å byggje skulehus i Røyrvik. Vilkåra var mellom anna at krinsen tok på seg dei vanlege ytingane; "fri tuft og leikepolass og 12,5% av byggjekostnaden", og at dei tok seg av transporten av byggjemateriale som måtte fraktast opp frå sjøen, samt kostnadane for transporten av støypesand på 400 kronar.[6] Skulehuset vart bygd i 1932. Rasmus Devik frå Rygg fekk anbodet på 6200 kronar.[7]

Lærarar

Krinsen har i regelen delt lærar med krinsane Eimhjellen og Solheim.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Ola J. Sværen Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1882(?) 1886 Drog til Amerika og vart prest.[8]
Knut Abs. son Røset 1861 Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1886 1889 Omkom i båtvelt på Hyefjorden.[9]
Ola M. Ommedal 1862 Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal 1890 1923
Lars Arnestad 1882 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik, Nesjane 1903 (tidl. 1914) Lærar i Nesjane krins frå 1919.[10]
Jakob "Skule-Jakob" O. Ommedal 1893 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik 1917 1960-talet Volda 1925
Marta Eimhjellen 1903 Eimhjellen, Røyrvik 1931 (tidl. 1952) Volda 1925
Magnhild Gjengedal

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
  2. Firdaposten 1955.08.09. 19550809. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Fjordabladet 1929.10.01. 19291001. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
  6. Firda Tidend 1931.01.23. 19310123. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Firda Tidend 1931.05.05. 19310505. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Stavanger Amtstidende og Adresseavis 1889.07.01. 18890701. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fjordabladet
  • Firdaposten
  • Avisa Firda
  • Stavanger Amtstidende
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
  • Hovudbok for Lote krins, Røyrvik krins og Osmundnes krins, 1925-1970
  • Dagbok for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1923
  • Skuleprotokoll for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1968

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.690289° N 5.825802° Ø