Rabbekule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 19:12 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (eit lite bidrag til ein eldre lagringsmåte)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot

.

Rabbekule, det er rabbe , som er dialekt for kålrot , lagt i kule. Det er ein måte og vinterlagre rabbe på som var utbreitt på desse kantar før, og utover på 1950 – 1960 talet. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat så må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys. Ein startar med å legge litt bâr på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon. (I dag kan ein og skøyte på med isolasjonen av isopor) Det var vanleg å legge kula på åkeren der rabbene var hausta, men ikkje på eit lågt punkt der det kunne samle seg mykje vatn. Tidlegare når det var vinterlagring for fòring til storfe og det var store mengder, vart det lagt opp som lange haugar. Det kunne vera litt ufyse vinters dag, å stå ute og lesse opp for så å køyre inn til foring. På mange gardar der det vart fora med fornepe eller rabbe var dette vanleg. Det var vel arbeidsmengda som gjorde at å legge kule vart det mindre av i åra etter krigen (1945).