Radøy kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Radøy kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1260 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Manger |
Areal i km²(2020) | 111,45 km² |
Folketal 2020 | 5129 (2018) |
Grunnlagt | 1964 |
Opphørte | 2020 |
No del av | Alver kommune |
Radøy kommune låg i Hordaland, og grensa til Austrheim i nord, Lindås i aust, Askøy, Øygarden og Fedje i vest og Meland i sør. Administrasjonssenteret var Manger. Kommunen var oppretta i 1964, då kommunane Hordabø og Manger, størstedelen av Sæbø og mindre delar av Lindås, Austrheim og Herdla vart samanslegne. 22. juni 2016 vedtok kommunestyra i Lindås, Radøy og Meland at dei tre kommunane skulle slås saman. Den nye kommunen fekk namnet Alver, og vart etablert 1. januar 2020.
Radøy var ein industrikommune med særleg vekt på næringsmiddel- og verkstadindustri. Ein finn óg trevareindustri og produksjon av fiskereiskap. I landbruket dominerar husdyrhald, særleg storfe, sau og høns.
Kjelder og litteratur
Eksterne lenkjer
- Bergens Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)
|