Ragna Nyhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 13:45 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragna Nyhus.
Foto: K. Stakston

Ragna Viken Nyhus (fødd i Skjåk 15. juni 1900, død same stad 12. april 1967) var husmor og vevar. Ho var engasjert i politikk og kvinnesak, mellom anna som aktiv i Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho stod som kandidat på ei rein, tverrpolitisk kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.

Familie og leveveg

Ragna Nyhus var dotter til Lars Persen Viken (f. 1857) og Rønnaug Olsdotter (f. Kjørren 1860). Ragna var den sjuande i ein syskenflokk på ni. Den sist fødde av syskena døydde som spedbarn, og tre døydde i ung alder. Da Ragna var fødd, var foreldra plassfolk i Vigstadvika under gnr. 23.2 Nordistun Vigstad.[1] Faren dreiv elles gardsarbeid, og han var på anlegg. Ei stund dreiv dei eit husmannsbruk i Lom. Sidan fekk faren arbeid som postomberar og som kyrkjetenar ved Skjåk kyrkje. På folketeljingstidspunktet 1910[2] bur familien til leige på gnr. 20.1 Søre Prestgarden. Seinare flytta dei til ein plass under Nigard Skjåk, som familien seinare kjøpte og kalla Strandheim. Heimen ligg rett ved Skjåk kyrkje.

Ragna gifta seg i 1936 med Gunnar Andreassen Nyhus (1902-1985). Ekteparet vart buande i Strandheim, og bygde seg nytt hus der etter krigen. Dei fekk tre born. Ragna arbeidde med vev, og vart særleg kjend for å veve rondastakkty. Gunnar arbeidde mest i ålmenninga.

Samfunnsengasjement

I 1928 stilte Ragna Viken som kandidat på ei kvinneliste til kommunevalet i Skjåk, saman med fem andre kvinner frå ulike sosiale lag og med ulike politisk ståstader. Sjølv var Ragna knytta til arbeidarrørsla. Ho var aktiv i Arbeidarkvinnelaget som vart danna i Skjåk hovudsokn i 1936. Ho var sekretær der da alle partiforeiningane vart forbodne etter 25. september 1940. Ho sat mellom anna også i komiteen som arbeidde for å få reist eit Folkets hus i Skjåk rett før krigen.

Fleire i familien rundt henne var aktive i den same sosialistiske leiren. Broren Olav Viken (fødd 1895, skogsarbeidar og tjørebrennar) var fyrste leiaren i Skjåk arbeidarparti (heradspartiet) frå 1931, og sat i fleire periodar i kommunestyret i 1930-åra. Ekteannen Gunnar var aktiv i Arbeidarpartiet, men ikkje som frontfigur. Frontfigurar var derimot far hans og bror hans, Andreas Syvergård og Oluf Nyhus, som var leiande sosialistar i bygda.

Referansar

  1. Ragna Larsdatter Vigstadviken i folketeljinga 1900 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
  2. Ragna Larsdatter i folketeljinga 1910 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900
  • Folketeljinga 1910
  • Ættebok for Skjåk bd. I s. 274 bd II s. 226 og 230.
  • H.P.Hosar: personleg kjennskap til familien
  • Ymse arkivmateriale om Arbeidarkvinnelaget og Folkets hus-komiteen i bygdebokarkivet for Skjåk.

Eksterne lenkjer