Ragnhildsteinen i Tysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhildsteinen, eller Ragnhildhålo, er ein hellar i utmarka i Gjersvik, Tysnes kommune.

Ragnhildsteinen i Tysnes er knytta til eit sagn frå svartedauden. Foto: Knut Rage

Ingen veit sikkert kven Ragnhild kan ha vore, eller når ho levde. Men det knyter seg eit sagn til staden som fortel at Ragnhild var ei tenestejente som gøymde seg her under svartedauden.

Ungjenta Ragnhild er tenestejente på ein av gardane i Gjersvik; huslyden ho tener hos, er ein av dei fyrste som vert råka av sotta. Ei natt stel ho med seg flatbrød og tørrfisk frå stabburet; lenge står ho og ser på ei stor skinke før ho kjapt stel også den med seg. Ho veit om ein stad i utmarka der dyr plar gå i ly for ver og vind. Under ein stor hellar set ho seg til. Geitene gjev henne både selskap og mjølk. Dagane fordriv ho med å samla ber og røter, og til å tetta hellaren med stein, myrmose og greiner. 

Ein dag utpå vinteren vågar ho seg ned til bygda. Garden ho tente på, ligg aude og still, vindauga er mørke og det ryk ikkje frå pipa. Ho står og tvekar utafor stova før ho opnar døra og stig inn. Liklukta kastar seg mot henne, og då augo har vent seg til mørkret, ser ho kva som forårsakar lukta. Ho kan ikkje koma ut dørane fort nok og spring bak nova og spyr. Brått kjenner ho nokon som tek henne på skuldera, ho snur seg og skrik då ho ser inn i eit gamalt kvinneandlet, fullt av arr og sår. "Heilage jomfru Maria, no døyr eg," tenkjer Ragnhild vettskremd. "Dette må vera Pesta." "Kjenner du meg ikkje att ?" spør den gamle. Så ser Ragnhild kven det er. Det er Helgo på nabogarden.

Hellaren der Ragnhild budde, vart sidan heitande Ragnhildsteinen, kjelda der ho henta vatn, Ragnhildekjelda - og myra hellaren ligg i utkanten av, Ragnhildemyro.

Kjelder og litteratur

  • Ingelin Røssland: artikkel i bladet "Tysnes" 29.8.1996
  • Johannes Heggland: Tysnes - Det gamle Njardarlog II. Tysnes sogelag, 1975.
  • Stenersen, Libæk og Emblem: Noregshistorie før 1850. Cappelen, 1993.
  • Høgskulen Stord Haugesund (HSH) http://utgard.hsh.no/segner/Detalj.php?ID=311
  • Trygve Nilsen (informant)
  • Knut Rage (informant)