Ragnvald Indrebø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Faksimile fra Aftenposten 16. oktober 1948: Utsnitt av intervju med da nyutnevnt biskop til Bjørgvin, Ragnvald Indrebø.

Ragnvald Andreas Indrebø (fødd 22. november 1891 i Os i Hordaland, død 26. juni 1984) var teolog og lærar. Han var biskop i Bjørgvin 1948-1961 og sokneprest og kapellan i fleire ulike kyrkjelydar. Lengst tenestetid (bortsett frå tida som biskop) fekk han som kapellan i Jakob kyrkjelyd i Oslo. Han hadde også fleire verv innan det kristelege organisasjonslivet. Saman med broren Gustav Indrebø (1889–1942) hadde han ansvar for revidering av den nynorske bibelomsetjinga.

Oppvekst og studium ved MF

Ragnvald Indrebø vaks opp i Jølster og Gaular, etter som faren Ludvig hadde lærarpost i dette området. I 1901 flytta familien til Vestre Aker (Oslo).

I 1911-1918 studerte Indrebø teologi ved Menighetsfakultetet, og fekk tittelen cand.theol. På denne tida pågjekk det ein sterk kyrkjestrid, der den liberale og den konservative teologien stod mot kvarandre. Indrebø grubla mykje over trusspørsmål, men kom til slutt ut som ein konservativ teolog.

Arbeid i skuleverket og Den Norske Kyrkja

I 1921 vart Indrebø utnemnt til vikarprest i Bjørgvin, og i 1922 gjekk han inn i stillinga som sokneprest i Jølster. Ragnvald Indrebø hadde sterk tilknytning til Jølster, det kan nemnast at han hadde hytte i Dvergsdal.

I 1927 byrja Ragnvald Indrebø som styrar ved Sunnfjord ungdomsskule, før han i 1929 fekk stillinga som generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund. Han slutta i denne stillinga etter berre eitt år, grunna ei ryggliding.

Etter dette hadde han fylgjande stillingar innan Den Norske Kyrkja i Oslo: sokneprest i Matteus kyrkjelyd (19301934), kapellan i Jakob kyrkjelyd (19341946) og sokneprest i Vestre Aker (19461948).

I 1948 vart Ragnvald Indrebø vigsla til biskop i Bjørgvin, etter å ha oppnådd eit solid fleirtal under bispevalet.

Andre verv innan kyrkje og organisasjonsliv

Indrebø var formann i Norges Kristelige Ungdomsforbund (19361952) og redaktør for Luthersk Kirketidende (19381948).

Under 2. verdskrigen var han medlem av Kirkens Samråd (1940-1942), som organiserte den kyrkjelege motstanden mot tyskarane og NS-regjeringa. Frå hausten 1942 til sommaren 1944 var han med i Den midlertidige kirkeledelse.

Nynorskbibel og kyrkjesalmebok

I åra 1934–1938 hadde Ragnvald Indrebø oppdraget med å revidere den nynorske bibelomsetjinga. Grunnlaget var omsetjinga som Studentmållaget hadde gjeve ut i 1921 (ofte kalla ”Fyrebilsbibelen” eller ”Seippelbibelen”).

Dette arbeidet var stort sett ei einmanns-oppgåve, men Ragnvald Indrebø henta inn råd frå sentrale teologar når det gjaldt tolkingsspørsmål, og frå broren Gustav fekk han rådgjeving innanfor det språklege feltet.

Den reviderte omsetjinga frå 1938 blir populært kalla "Indrebøbibelen", og var einaste nynorskbibel i 40 år. Les nettutgåve av omsetjinga her

1970-talet var Indrebø konsulent for Det Norske Bibelselskap si nye omsetjing av Det gamle testamentet. Elles arbeidde han ein del med felles kyrkjesalmebok og anna hymnologisk arbeid.

Teologisk profil

I 1950-åra utspela det seg fleire teologiske stridar innanfor Den Norske Kyrkja. Dei dreia seg om kvinnelege prestar og om helvete.

I ordskiftet som følgde den såkalla "Helvets-talen" til Ole Hallesby i 1953, var Ragnvald Indrebø ein av dei sterkaste kritikarane av biskopen i Hamar, Kristian Schjelderup (1894-1980).

Ragnvald Indrebø protesterte også sterkt imot ordinasjonen av Ingrid Bjerkås (1901-1980), som vart første kvinnelege prest i Den Norske Kyrkja i 1961. Indrebø meinte dette kom i konflikt med Bibelen og den kyrkjelege tradisjonen.

Kjelder