Ramstaddalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 14:35 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Ramstaddalen er ei grend i Sykkylven kommune. Som Søvikdalen og Furstranda høyrde Ramstaddalen til Ørskog kommune heilt til 1955. Då var det ikkje lenger sjøvegen som batt folk saman, den daglege samferdsla skjedde gjennom landevegar. Ramstaddalen har heilt fram til det siste vore ei grend som har halde oppe grunnleggande samfunnsfunksjonar som skule, butikk og samlingshus. Men i 2009 vart skulen lagt ned og det er langt mellom arrangementa på bedehuset og ungdomshuset. Framleis er daglegvarebutikken, O.A. Løseths Eftf. i drift, og framleis etablerer unge familiar seg med bustad i Ramstaddalen som er ein av inngangsportalane til sunnmørsalpane.

Segner

Det er nokre kjende segner knytt til Ramstaddalen. Den eine er ein velkjend versjon av ei segn i samband med Svartedauden. Etter den segna var her att berre ei kvinne på Melset og ein mann på Ramstad, og segna har ingen uventa slutt: Dei gifte seg. Ein annan versjon av segna er slik: Der levde att ein mann på Skotet, på andre sida av fjellet. Ein dag han var oppe på fjellet, såg han røyk frå eit hus på Melset, og då han gjekk dit fann han ei Melset-jente som var den einaste attlevande i Ramstaddalen.

Den andre segna går ut på at der i gammal tid var eit vatn i den sentrale delen av Ramstaddalen. Segna seier at vatnet rausa ut under ein storflaum, samtidig med at storfonna på Ramstad gjekk og reiv vekk grunnen under landet nedanfor vatnet, som dermed for til sjøen. Ramstaddalingar har grave flittig i jorda, og fleire har funne teikn på at segna er sann. Den som har gjort mest utførleg greie for dette er Oskar Melset. Han meiner at han fleire stader har funne opp til tre meter djup dyebotn. Og hadde ikkje her vore vatn, skulle dalen ein gong ha vore ei grein av fjorden. Men aldri er der funne skjel eller anna som kunne tyde på at fjorden nokon gong har gått hit opp. Peder Fylling skriv i sine Folkesagn og historiske Optegnelser at vatnet braut ut kring 1590.

Lars O. Klokk, som er fødd i 1886, fortel at han ved jordbryting på garden sin fann ei slags båtstø lagd med lunnar, og det nett på ein stad som før dette funnet lenge hadde vore kalla Timbrestøa. Også i samband med den gamle Ramstad-saga seier segna at tømmeret vart fløta ned etter vatnet til Timbrestøa, derifrå køyrt heim på Klokks-bakkane, og så løypt til sjøen ned gjennom bakkane. Alfred Klokk fortel at han har funne lunnar i bakken ovanfor huset sitt. Han har og funne restar etter tufta til den gamle Ramstadsaga, som stod lenger nede enn ei sag som kom til i langt seinare tid.

Alfred Klokk har fortalt ei segn om at hollendarar som kom til Ramstaddalen for å kjøpe tømmer, ikkje fekk kjøpt noko, det var vel slutt på skogen, og då vart dei så sinte at dei for litt frå land, stansa og skaut saga i brann. Om dette verkeleg har hendt, må det ha vore ein gong på 1600-talet. Fylling har ein annan og meir utførleg versjon av denne segna.

Lagshus

I eit dokument frå 1688 finn vi dette: «Ramstad sag er av vanrøgt avbrudt, så den i lang tid ei haver været brugt til tømmerskjærsel, da den omliggende skov er udhuggen.»

I 1818 vart folket i grenda spurde om dei var interesserte i ein veg frå Ramstad til Stranda. Ålmugen meinte dei ikkje ville ha særleg nytte av ein slik veg. Men den ville vere sikrare for post- og embetsmenn. Vegen burde gå gjennom Velledalen, meinte dei. Vegen opp Fasteindalen var setreveg og gardsveg til skogteigane i Nysæter-traktene. Men den fekk og greie seg som turistveg i siste del av 1800-talet.

I 1890-åra fekk dalen både skulehus og bedehus. Nytt skulehus vart bygd vel 50 år seinare, om lag på same tid som grenda fekk elektrisk straum og vart ført over frå Ørskog til Sykkylven.

I 1918 vart det starta eit ungdomslag, og i 1930 fekk laget eige hus.

Møbelproduksjon

Frå mellomkrigsåra og framover nokre år var det små industritiltak i Ramstaddalen. Det første tiltaket skal det ha vore Nils Omenås og sønene hans som stod bak. Dei hadde ein verkstad nede ved sjøen på Klokk. Her laga dei merkelappar med påtrykt tekst. Omenås-karane hadde eige trykkeri. I 1933 fekk dei ein stororde på eit par million merkelappar frå ein kunde i England.

Rundt 1930 vart det skipa mange bedrifter på Aure og i krinsane omkring. Mange unggutar frå Ramstaddalen reiste då ut og fann seg arbeid der. Nokre kom attende og sette i gang industriproduksjon i heimgrenda. Slik var det med Ragnvald Ramstad, som frå 1935 hadde vore ved Lenestolfabrikken Solid AS. Han grunnla i 1941 R. Ramstad Lenestolfabrikk. Ramstad leigde loftet på eit båtnaust av Alfred Klokk. Her innreidde han verkstad. Bedrifta laga salongmøblar, men var utan snikkaravdeling. Treverket vart frakta til Ramstaddalen med bil og båt frå Peter Ekroll på Skodje. I produksjonen hadde Ragnvald Ramstad hjelp av ein bror, ein svoger og somtid eit par andre. Bedrifta selde i hovudsak møblane til kundar i Ålesund, Molde og Nord-Noreg.

Den gongen var det ikkje elektrisk kraft i Ramstaddalen. Det fekk dei ikkje før jula 1952. For å få arbeidslys i vinterhalvåret måtte Ramstad og medarbeidarane hans difor nytte petromaks- og parafinlykter. Mangelen på elektrisk kraft var hovudgrunnen til at Ragnvald Ramstad flytta til Skodje ned bedrifta si i 1947. Han dreiv møbelproduksjon der fram til 1975.

Samstundes med R. Ramstad Lenestolfabrikk kom Ramstaddal Lenestolfabrikk i gang. Det var eit aksjeselskap og alle aksjonærane minus ein hadde tidlegare arbeidd ved Klocks Lenestolfabrikk. Ramstaddal Lenestolfabrikk heldt første tida til i ungdomshuskjellaren i Ramstaddalen. Bedrifta laga lenestolar og sofaer, m.a. sovesofaer. Stolgrindane kjøpte dei frå underleverandørar i Hornindal og på Hellesylt. I 1947 sette Ole Andreas Løseth opp eit forretningsbygg ved kaia på Klokk. Løseth leigde bort andre høgda til Ramstaddal Lenestolfabrikk og hadde sjølv daglegvareforretning i første høgda.

I 1956 selde disponent Leif Ramstad og Ole Løseth aksjane sine. Jørgen Ramstad tok då over som disponent. Frå hausten 1956 dreiv Leif Ramstad nokre år møbelproduksjon i kjellaren heime på Bøen på Ramstad. I 1962 vart han redaktør i lokalavisa, Sykkylvsbladet.

Bemanninga ved Ramstaddal Lenestolfabrikk låg stabilt på omkring ti personar frå starten. Slik var stoda heilt fram til midt i 1950-åra. Då vart det tyngre å selje. Bedrifta vart lagt ned i 1962.

På Tuene på Ramstad hadde Konrad Ramstad frå 1948 ein snikkarverkstad i kjellaren. Tidlegare hadde han arbeidd ved Lunheim Møbelfabrikk. Då Lunheim brann ned i 1948, miste Konrad Ramstad arbeidet sitt. I kjellarverkstaden byrja Ramstad først å skjere finerplater for Brødrene Hole Trevarefabrikk. Sidan gjekk han over til å lage salongbord, bokreolar og hjørneskap. I 1951 bygde han verkstad i tilknytning til stovehuset. Året etter tok broren Norvall til i verkstaden. Størstedelen av møblane vart selde til Sørlandet. Ein annan av brørne til Konrad, Ole Andreas Ramstad, budde i Kristiansand og hadde agentur for verksemda. Konrad Ramstad dreiv fram til 1958. Siste året leverte han treverk til ein møbelfabrikk i Ålesund.

Også i Ramstaddalen var det dei som i mindre målestokk dreiv produksjon av møblar i kjellarane sine. Leif Melseth var frå 1942 ei kort tid i kompaniskap med Karl Ramstad på Aure. Etter at Melseth i 1943 hadde flytta attende til Ramstaddalen, byrja han å lage lenestolar og sofaer heime i Andersgarden på Melset. I produksjonen hadde han berre hjelp av kona som sydde.

På Kjersembøen på Krogen laga Sigurd Løseth og Kåre Kjersem ein kort periode i førtiåra lenestolar. Herman Svindset prøvde seg med tilsvarande produksjon.

Ved sida av møbelproduksjon dreiv dei fleste gard med husdyrhald som attåtnæring. I dag er det ingen som driv med industri i Ramstaddalen, men framleis er nokre gardar i drift og markane vert slått slik at kulturlandskapet i Ramstaddalen er godt i hevd.

Kjelder