Randabygda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. mai 2019 kl. 22:23 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Randabygda er bygda på nordsida av Nordfjorden mellom fjella Kvalen i vest og Kleiva i aust i Stryn kommune. Bygda har namnet etter garden Rand som ligg midt i den øvre delen av Randabygda. Bygdenamnet finst i gamle brev, det første frå 1655 og seinare mellom anna i 1723 og 1853. Randabygda var fram til 1965 ein del av Innvik kommune, men fire gardsbruk på Hopland, kalla «Utitunane», høyrde til Gloppen kommune fram til revisjonen av kommunegrensene i 1965 då desse gardsbruka saman med resten av bygda vart med i Stryn kommune.

Den delen av Randabygda som høyrde til Innvik kommune, var frå gammalt del av Innvik prestegjeld, Utvik sokn. Dei fire bruka på Hopland som høyrde til Gloppen kommune, sokna til Gloppen prestegjeld, Vereide sokn.

I 1882 vart det reist skulehus for bygda på garden Skrede. I 1976 vart skulen flytt til det nye skule- og grendahuset på Bakkesvadet, litt vest for gamleskulen. I 1916 fekk bygda eiga kyrkje, Randabygd kyrkje. I den tida var det sjølvsagt at kyrkja måtte liggje nær sjøen fordi ferdsla inn og ut av bygda i all hovudsak gjekk med båt. Det var ikkje opparbeidd veg til grannebygdene før bilvegen vart opna austover i 1965 og vestover i 2005. Kyrkjetomta vart vald på den minst bratte staden nedst på garden Hopland.

Kjelder og litteratur

  • Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Innvik-Stryn, 1974.