Rangadel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Eit utdrag av rangforordninga 1699. Frå 1693 hadde innehavarane av embete/titlar i dei fyrste tre klassene i rangen fått rett til arveleg adelskap, utan omsyn til herkomst.

Rangadel er ei nemning for dei som vart tildelte adeleg status i kraft av å ha embete som var plasserte i rangen, dvs. kongens liste over sivile, militære og geistlege embete, ordna etter kor viktige og prestisjefylte dei vart rekna for å vere. Rangadelen i Danmark-Noreg vart innstifta i 1679, og kan sjåast som eit ledd i konsolideringa av einevaldsmakta i dei fyrste tiåra etter statsomveltinga i 1660. Saman med opprettinga av ein ny lensadel frå 1671 var rangadelsskipnaden med på å danne eit nytt adelsomgrep tilpassa eineveldet som statsform og ideologi.

Det fanst to typar rangadel, personleg (for embetsinnehavaren, ektefellen og deira ektefødde born i fyrste ledd), og dessutan arveleg «til evig tid», noko som følgde dei høgaste og fornemste embeta. Denne måten å oppnå arveleg adelskap på var rett nok verksam berre i tidsrommet 1693-1730. Systemet med rangadelen kan i det øvrige hevdast å ha vore gjeldande i Noreg til 1814, men kva som i røynda låg i dette, er noko omdiskutert.

Den fyrste rangforordninga 1671

Det fyrste nødvendige leddet i danninga av rangadelen kom med den rangforordninga 25. mai 1671. Den omfatta posisjonar frå nivået nest under kongen og ned til og med sekretærar i kollegia (regjeringskontora) av sivile, til og med majors grad av dei militære embetsmenn. I seinare rangforordningar vart talet på embete forlenga nedover, til å omfatte t.d. dei lågaste offisersgradene (fenrik/kornett). Det vart understreka at rangsplassering galdt nettopp embetsmenn. Statsteneste skulle nå i seg sjølv bli eit avgjerande kriterium for den offisielle sosiale prestisje, ikkje herkomst i og for seg. Adelskap aleine gav ikkje plass i rangen, med unntak av kongens naturlege søner (som kongen har erkjent som sine) og den nye lensadelen av grevar og friherrar (baronar), som figurerte på toppen av rangen i kraft av dette.[1] Som det heiter i forordninga:

"... Adelen (som ikke anden Charge eller Bestilling som dem høyere Rang iblandt Vores Betiente kunde give, betiene, eller betient haver) nyde deres sædvanlige Præ for de andre Stænder og Undersaatter, som ikke i denne Rangs-Anordning specificerede ere;.."

Altså: Fyrst dei i rangen, så adelen utanfor rangen.

Personleg rangadel frå 1679

Det andre og avgjerande leddet i institueringa av rangadelen kom med privilegiebrevet for «Kgl. Betjenter» (embetsmennene) av 11. februar 1679. I følgje desse skulle alle som hadde embete nemnde i rangen, tildelast personleg adelskap, i forordninga presisert slik:

«... for dem, deres Hustruer og ægte Børn nyde alle de Privilegier, Herligheder og Benaadninger, som andre af Adel i disse Riger og Lande nu nyde og have eller herefter nyde og bekomme, og udi alle ærlige, adelige og andre redelige Occasioner, Forretninger og Samquemme æres, agtes og ansees lige ved andre paa Fæderne og Møderne fødte og baarne Adels-Folk.»

Kor mange embete som var opplista i rangen og gav adelskap, varierte noko over tid. Av embete i Noreg kan nemnast t.d. biskopar, amtmenn og offiserar frå dei øvste generalar nedover t.o.m. kapteins grad. Alle desse var med frå og med den fyrste rangforordninga, og vart frå 1717 forlenga nedover til å inkludere til dømes sekondløytnantar. Sidan vart talet på embete som medførte adelskap reduserte. I rangforordninga av 1808, den siste som vart utferda før 1814, vart det personlege adelskapet tildelt berre dei som stod i dei tre fyrste av dei i alt ni klassene som embeta var grupperte i på det tidspunktet.

Arveleg rangadel 1693-1730

Mathias de Tonsberg (1638-1705), son av handelsborgaren Anders Madssen i Tønsberg. M. de Tonsberg var ein av dei som vart adla i kraft av si plassering i rangen. Han var både stiftamtmann og oppnådde ærestittelen etatsråd, og stod dermed i tredje klasse i rangen. Det gav arveleg adelskap.

Frå og med rangforordninga av 1693 vart rangsembeta grupperte i klasser (7-9 på talet). Dei tre fyrste klassene, som m.a. omfatta grevar og friherrar, geheimerådar, generalar og admiralar, stiftsamtmenn og bispane i København og Christiania, vart gjort til arveleg adel. I Christian 6's rangforordning 13. desember 1730, vart koplinga rang/adel sløyfa i teksten. Frå nå av var det ikkje lenger heimel for «automatisk» tildeling av arveleg adelskap etter posisjon i rangen. Men det personlege adelskapet følgde med i seinare forordningar, iallfall den siste frå 1808, men som nemnt ovanfor noko innsnevra i talet på dei embeta som var tillagde slik ekstra gunst.


Referansar

  1. Bartholdy, N.G. 1971:584


Kjelder og litteratur

  • Bartholdy, Nils G.: «Adelsbegrebet under det ældre enevælde. Sammenhengen med privilegier og rang i tiden 1660-1730,» i (dansk) Historisk Tidsskrift, 12. række, bind V, hæfte 3. København 1971.
  • «Kgl. Betienteres Privilegier af 23 Nov. 1661 confirmerede og forbedrede», utferda 11.2.1679. Trykt m.a. i Schous forordninger.
  • Rangforordningar 25.5.1671, 31.12.1680, 11.2.1693, 11.2.1699, 11.2.1717, 13.12.1730, 11.2.1734, 11.2.1744, 14.10.1746, 12.8.1808. Trykte i Schous forordninger og/eller Collegial-Tidende og/eller andre samlingar av forordningar.