Ranveig Kalrudstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Ranveig Kalrudstad (fødd Vinsand 2. februar 1895 på Voss, død same stad 24. april 1977) var bondedotter frå garden Vinsand ved Vangsvatnet på Voss. Ho gifta seg i 1932 med Hans Kalrudstad (1883-1945) frå Nordlia i Østre Toten. Tidleg på 1950-talet flytta ho attende til oppveksttraktene, etter at Hans var død. Ranveig var ein av dei få vestlendingane i Toten-bygdene på denne tida. Ranveig Kalrudstads familiealbum er ei viktig kjelde til livet i eit småbondemiljø på Toten i mellomkrigsåra. Dette var eit granne- og familiesamfunn som ikkje har etterlete seg mange skriftlege spor, og på grunn av flytting og få etterkommarar har heller ikkje mykje tradisjon vorte vidareført.

Bakgrunn

Ho vaks opp på Vinsand, som dotter av Nils Halleson (1886-1954) og Ingebjørg Nilsdotter f. Nesthus (1866-1949). Ifølgje 1910-folketeljinga var ho den nest eldste av fire systrer, og Ranveig hadde dessutan broren Halle. I teljinga heiter det om Ranveig at ho er sysselsett med «kretaur- og husstel».

Til Toten

Ranveig var godt vaksen (37) og Hans halvgammal (49) da dei gifte seg i 1932. Ingen nolevande veit sikkert korleis dei møttest. Hans hadde i 1928 teke over garden Øver-Kallrustad etter faren Martin. Kallrustad fødde berre sju-åtte kuer, og hadde på denne tida snaut 60 mål dyrka jord. Det var derfor eit liv med arbeid som Ranveig møtte på Toten, truleg ikkje rikare materielt sett enn på vestlandsgarden Vinsand. Saman med ekteparet budde Hans si syster Helga på Kallrustad. Ho skal ha vore budeie, medan Ranveig hadde ansvaret for husstellet. Av og til hadde dei gardskar, men det var mest fordi Hans var sjuk, med magesår. Dei fekk ikkje ungar som vaks opp. Sonen Hans Martin døydde i 1934, berre nokre dagar gammal.

Attende til Voss

Hans døydde nyttårskvelden 1945. Ranveig vart buande på Kallrustad i nokre år til, men leigde bort garden til Helge Bekkelund. Medan Helge og familien budde i den gule bygningen, heldt Ranveig og Helga til i hovudbygningen. I 1950 kjøpte Jonas Degvold Kallrustad.

Helga døydde året etter, og derfor hadde ikkje Ranveig familie på Toten lenger. Dette var truleg grunnen til at ho rundt 1953 flytta attende til Voss. Der budde ho i ei stove ved Vangsvatnet, nedanfor Vinsand, i lag med systrene Kirsti og Sønneva. Heime på Voss hendte det at ho tala om tida på Toten, med alle dei gjæve gardane, dit arbeidsbønder som ho og mannen stundom vart bedt i selskap. Ranveig døydde 24. april 1977, berre to dagar etter systera Synneva.

Familealbumet

Mal:Thumb høyre Med seg til Voss hadde Ranveig eit fotoalbum frå Kallrustad. Her var det og bilete frå tida før vossekvinna kom til Toten, særskilt mange tekne på sommaren, da det ofte kom besøk frå Oslo. I hovudstaden budde slektningar av Hans Kalrudstad, nemleg tanta Johanne Fodstad og familien hennar. I albumet er det mange bilete av Johanne Fodstad, Otto Fodstad, Jens Fodstad og Oskar Fodstad. Kanskje det var dei som hadde fotoapparat og fekk teke bilete da dei var på Toten? I albumet kan ein og sjå grannene og slektningene på Toten, særskilt dei i Askeli, på Ner-Kallrustad og Dælin. Albumet er slik ei hovudkjelde til den sosiale omgangskretsen til folka på Øver-Kallrustad.

I fotohistoria er ofte fest, helg og solskinnsdagar overrepresentert, og i albumet hennar Ranveig. Men her er det og nokre bilete frå arbeidslivet på garden, ikkje minst slåttonna. Eit trist bilde av gravferda til sonen Hans Martin er og i albumet.

Etter at Ranveig døydde, vart fotoalbumet teke vare på av niesa Ingebjørg Wehte (fødd Vinsand). I 1995 fekk Trond Nygård, oppvaksen på Kallrustad, høve til å avfotografere ein del av bileta. Det er desse som er attgjevne i wikien.

Kjelder

Eksterne lenkjer