Rasmus Flo (1851–1905)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2017 kl. 09:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Cnyborg flyttet siden Rasmus Flo til Rasmus Flo (1851–1905): flertydig)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Flo (fødd 1851 i Oppstryn (no Stryn), død 1905 i Kristiania) var lærar, filolog og målmann. Foreldra var gardbrukar Jørgen Flo og Ragnhild Amundsdotter.

Tjue år gamal tok han eksamen ved Stord seminar. Han vart cand.philol. i 1881. Både som student og kandidat livnærte han seg ved å vera lærar, fyrst ved Kongsvinger middelskole, seinare ved den høgare skulen i Tromsø og sist ved Valdres kommunale middelskole.

Han slo seg til slutt ned i Kristiania og levde etter 1892 av litterært og språkleg arbeid. Det var det norske målet som var den store interessa hans. Da Det Norske Samlaget tok til å gje ut Syn og Segn i 1894, vart han redaktør. Han omsette og vølte mange av artiklane, han hadde tilsyn med bøkene til Samlaget og vart etter kvart korrekturlesar og målrettar for ei mengd landsmålsforfattarar. Gjennom verksemda si gjorde han mykje for å skapa einskap i rettskrivinga. I 1898 vart han saman med Marius Hægstad og Arne Garborg medlem i den fyrste offisielle rettskrivingsnemnda for landsmål.

Rasmus Flo var ugift og levde i tronge kår.

Kjelder og litteratur