Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark — utvikling av ei wiki-basert tilnærming er eit prosjekt Telemarksarkivet satte i gang hausten 2016. Telemarksarkivet fekk 250.000 kr frå Riksarkivaren sine utviklingsmidlar til å gjennomføre arbeidet. Sumaren 2017 støtta Telemark Fylkeskommune arbeidet med 350.000 kr. Kvart av dei tre musea som er med i Telemarksarkivet gjekk inn med ein eigenandel på 200.000 kr i arbeidsinnsats. Målet er å lage ein bevaringsplan for privatarkiv i Telemark innan utgangen av 2017.

Kva er ein bevaringsplan?

Bevaringsplanen har som mål å sikre ein heilheitleg samfunnsdokumentasjon. Den skal peike ut felt i historia som er dårleg dokumentert slik at ein kan fokusere innsamlingsarbeidet mot desse felta før dokumentasjonen går tapt. Grunnleggjande kan arbeidet med bevaringsplanen delast i tre delprosjekt:

  1. Bestandsoversikt: der me skal kartlegge dei bevarte historiske arkiva me veit om, og deretter analysere kor representative desse er som ein dokumentasjon på arkivskaparen. Bestandsoversikta blir publisert i oversikta over privatarkiv frå Telemark, og blir fortløpande oppdatert.
  2. Samfunnsoversikt: der me skal gje ei kortfatta framstilling som syner samfunnsutviklinga gjennom ulike periodar i historia til Telemark.
  3. Når dei to oversiktene over er etablert, har me eit grunnlag for å utvikle ein bevaringsplan. Ved å samanlikna det som fanst i samfunnet i ein gitt periode med kva som finst av arkivmateriale etter arkivskaparane, veit me om me har arkiv som dokumenterer den historiske røynda.

Til dømes kan me utifrå ei hypotetisk samfunnsoversikt sjå at pelsdyrnæringa var eit viktig næringsgrunnlag i Nissedal kring 1900. Bestandsoversikta viser at pelsdyrnæringa ikkje er representert blant arkiva frå Telemark i det heile. Bevaringsplanen fortel oss difor at me bør oppsøke dei stadene me veit det fanst pelsdyrfarmar, og forsøke å hente inn dokumentasjon om denne verksemda.

Ein dynamisk bevaringsplan på lokalhistoriewiki

Det er fyrst i dei seinare åra musea har hatt fokus på privatarkiv. Før dette skjedde innsamlingsarbeidet i stor grad tilfeldig. Statsarkivet i Kongsberg har hatt hovudansvaret for bevaring av arkiv i Telemark, men dette gjeld i hovudsak dei offentlege arkiva. I åra framover reknar me med at arkivbestanda vil forandre seg mykje, og det er difor nyttig at bevaringsplanen er dynamisk.

Telemarksarkivet har inngått eit samarbeid med Norsk Lokalhistorisk Institutt (NLI) som driftar lokalhistoriewiki.no (LW). LW er landets største lokalhistoriske leksikon, og inneheld 77 092 artiklar med lokalhistorisk fokus. Av desse handlar 5633 om Telemark. Fordelinga av artiklane etter kommunane finn ein på denne sida.

Lokalhistoriewiki har ei anna tilnærming til leksikalske artiklar enn det wikipedia, store norske leksikon og tilsvarande digitale leksikon har. På LW er ingen tema for små til å skrive om, noko som gjer portalen godt egna til vårt prosjekt. Les meir om lokalhistoriewiki her.

I eit lengre perspektiv kan ein tenke seg at eit breitt utval bedrifter, lag og foreiningar (arkivskaparar) i Telemark skal vere representerte på nettstaden. Lokalhistoriewiki tillèt også originalforsking, noko som gjer at ein enkelt kan skrive om dei ørsmå ting som kanskje berre utgjer ein liten del av historia, men som samstundes kan vere viktige for historieforteljinga. Ein kan også skrive ned eigne minne og legge ut transkriberte utgåver av gamle brev på nettstadens kjeldearkiv som andre seinare kan nytte som kjelde når dei vil skrive om eit fenomen.

På lokalhistoriewiki kan ein merke artiklane med kategoriar, noko som gjer materialet enkelt å orientere seg i. Lenkefunksjonen på nettsida gjer at ein kan leggje inn lenker til eksisterande litteratur og arkivmateriale frå verksemdene. Slik vert artiklane ein svært god inngangsport til å undersøke eit tema nærare. Ein kan også leggje inn illustrasjonar i artiklane, og nettstaden inneheld 13661 fotografi frå Telemark.

Sidan arkivarbeidet i musea enno må seiast å vere i ein startfase, er det nyttig at bestandsoversikta er tilgjengeleg for flest mogleg og kan oppdaterast fortløpande når nye arkiv kjem inn til våre institusjonar eller når me får vite om arkiv som finst i andre institusjonar. At samfunnsoversikta blir skapt gjennom samhandling sikrar også at me får med fleire historiske aktørar i framstillinga. LW let alle brukarar legge til artiklar, og den historiske samfunnsframstillinga vert slik langt meir demokratisk enn om me skulle gjere alt sjølve. Er me klare over dei problema som er knytt til kjeldekritikk i framstillinga frå wikien, og dersom me samanliknar funna på lokalhistoriewikien med gjeldande litteratur og kunnskap, vil me prøve å legge fram ei samfunnsoversikt som kan oppdaterast når ny kunnskap kjem til.

Delprosjekt 1: Arbeidet med bestandsoversikta

Ei heildekkande bestandsoversikt er avgjerande for å finne kva samfunnsområde bestanda manglar eller dekker godt nok. Til arbeidet høyrer difor ein gjennomgang av det bevart materialet (arkiv og fotosamlingar) ved depotinstitusjonar i og utanfor Telemarksarkivet. Alle arkiv som ikkje allereie er registrert i Telemarksarkivet skal registrerast på overordna nivå i Asta med dei metadata som er naudsynte for å kunne køyre ut rapportar. Allereie reigistrert arkiv skal kontrollerast opp mot analysemodulen i arkivportalen. Fotosamlingane registrerast i excell med same type metadata som i Asta, og leggast deretter inn i oversikta over privatarkiv frå Telemark.

I tillegg skal me gjennomføre ei kartlegging av privatarkiv hjå andre institusjonar i Telemark som potensielt har privatarkiv i sine samlingar (historielag, bibliotek, kommunar m.m.), men som ikkje registrerer desse i Asta. Desse arkiva blir lagt inn i oversikta over privatarkiv frå Telemark på lokalhistoriewiki, og vert slik ein del av den totale bestanda. Det vil difor vere viktig å hente inn same type metadata om arkiva som dei me nyttar om våre eigne arkiv.

Delprosjekt 2: Arbeidet med samfunnsoversikta

For at materialet på lokalhistoriewikien skal vere mest mogleg representativ for den historiske røynda i Telemark, må me stimulere til produksjon av artiklar om dei private aktørane frå Telemark. Me har difor innleia eit samarbeid med fylkesbiblioteket i Telemark om å gjennomføre ein lokalhistorisk dugnad i fylket. Fylkesbiblioteket legg til rette for møte og samlingar på biblioteka i Telemark, og Telemarksarkivet informerer om prosjektet og gir rettleiing i bruk av lokalhistoriewiki. Slik håpar me å få satt ned arbeidsgrupper i kvar kommune som vil arbeide med innhaldet i wikien. Nasjonalbiblioteket gav 130.000 kr i utviklingsmidlar til ein utvidelse av Delprosjekt 2 i april 2017.

Ved sidan av dette skal me publisere historikken som allereie er registrert om arkivskaparane i Asta slik at desse er representert på wikien.

Kvar artikkel blir merka med kategoriar på lokalhistoriewiki. Her skal me nytte dei same kategoriane som blir nytta i Asta. Slik kan me lage oversikter over innhaldet på lokalhistoriewiki sortert etter verksemdskategoriar, organisasjons- og foreiningskategoriar og geografi. Deretter vil me forsøke å stimulere relevante miljø til produksjon av artiklar om i dei kategoriane som er dårleg representert.

Delprosjekt 3: Utarbeidinga av bevaringsplanen

Delprosjekt 1 gir oss ei oversikt over alle privatarkiv frå Telemark som me veit om. Kvart arkiv er merkte med kategoriar. Utifrå dette kan me t.d. sjå kor mange arkiv me har frå fråhaldslag i fylket.

Delprosjekt 2 har gitt oss ei rekkje artiklar om foreiningar, organisasjonar og bedrifter som har eksistert i Telemark. Desse artiklane er merkte med tilsvarande kategoriar som i delprosjekt 1. Artiklane kan difor ordnast etter m.a. kommune-, organisasjons- og næringskategoriar.

Ved å samanlikne kor mange artiklar det finst som handlar om fråhaldslag i fylket med kor mange arkiv me veit er bevart etter fråhaldslag i fylket, vil me finne i kor stor grad arkiva våre dekker fråhaldslag-kategorien. Over tid håpar me oversikta over artiklane på LW kan nyttast til å gi eit korrekt bilete på samfunnsutviklinga i Telemark.

Fordelar og ulemper ved metodikken

Bevaringsplanprosjektet har både fordelar og ulemper. Den største utfordringa vil vere å korrigere dei historiske skeivheitane som oppstår i lokalhistoriewikien, og å presentere eit mest mogleg korrekt bilete av samfunnsutviklinga. Her vil det vere avgjerande å samanlikna dei funna ein finn frå lokalhistoriewiki med den kunnskapen me allereie har og tillegger oss gjennom dette arbeidet.

Personane på lokalhistoriewiki vil fungere som ei referansegruppe for samfunnsoversikta, men det vil også vere viktig å knytte til seg historiemiljøa i Telemark som kan gje innspel til framstillinga.

Då Telemarksarkivet er i ein startfase, og arkivarbeidet ved dei forskjellige institusjonen enno er ukjend for mange, trur me dette prosjektet og tilgjengeleggjeringa av arkivbestanda vår på lokalhistoriewiki vil gje

  • Auka forståing for kva Telemarksarkivet er.
  • Auka kunnskap om kva privatarkiv som finst frå Telemark.
  • Lågare brukarsnitt for å finne fram til arkiva våre – fleire brukarar og nye brukargrupper til arkiva våre.
  • Auka interesse og kunnskap om lokalhistoria i fylket.

Eksterne ressursar