Regjeringa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Regjeringa Borten (1965–1971) i sitt første statsråd på Slottet. Faksimile frå Aftenposten 13. oktober 1965

Regjeringa (formelt Noregs Statsråd) er øvste utøvande myndigheit i Noreg, med ansvar for å setje i verk vedtak frå og foreslå saker for Stortinget. Statsministeren leiar regjeringa, og kvart departement leiast av ein statsråd. Grunnloven omtaler statsminister, men bruker ellers benevnelsen statsråd om minister (eller medlem av statsrådet). Den statsråd som forestår Utenriksdepartementet, blir kalt utenriksminister. Statsråd er den tradisjonelle betegnelsen på et regjeringsmedlem som ikke er statsminister eller utenriksminister. Betegnelsen brukes synonymt med minister, og ble innført ved kongelig resolusjon av 19. mai 1814.

Etter Grunnloven ligg den utøvande makta hos kongen (eller regjerande dronning), og monarken eller tronarving skal derfor ta del i regjeringa sine plenumsmøte – på papiret er det «Kongen i statsråd» som styrar landet, men sidan parlamentarismen blei innført i 1884 har monarken berre ein symbolsk funksjon.

Namn

Den formelle nemninga på regjeringa er Noregs Statsråd eller berre Statsrådet (sjå òg Noregs Storting og Noregs Høgsterett), medan regjeringa reknast som daglegtale.[1][2][3]

Regjeringsdanning

Regjeringa blir i eit parlamentarisk system danna av det partiet, eller dei partia, som har størst støtte på Stortinget, og er avhengig av Stortinget sin tillit. Før parlamentarismen var det kongen som utpeika regjeringa. Ei ny regjering treng ikkje å få uttrykt tillit av Stortinget. Noreg har såkalla negativ parlamentarisme, der det er fråvær av mistillit som er naudsynt. Om Stortinget vedtek eit mistillitsforslag eller må regjeringa gå av. Det same gjeld om regjeringa stiller kabinettspørsmål, eit ultimatum til Storting, og så taper saka. Regjeringa kan også søkje avskil om det er klart at ho ikkje lenger har støtte på Stortinget. Det skjer særleg etter eit val der sitjande regjering mister sitt fleirtal. Formelt kjem då sitjande statsminister med forslag om kven som skal bli ny statsminister.

Med få parti på Stortinget, slik det var i byrjinga med berre Høgre og Venstre, var det naturleg at ein fekk fleirtalsregjeringer, det vil seie at regjeringa hadde meir enn halvparten av stortingsrepresentantane bak seg. Etter kvart som det kom fleire parti, blei det meir vanleg med mindretalsregjeringer eller koalisjonsregjeringer der fleire parti går saman for å få fleirtal. Ein mindretalsregjering sitt ikkje like trygt som ein fleirtalsregjering, men det ligg i korta at heller ikkje opposisjonen kan danne ein fleirtalsregjering. Mindretalsregjeringer er avhengig av støtteparti som ikkje sitt i regjeringa, men som støtter ho på Stortinget.

I mange land kan kan regjeringa søkje å auke sin støtte på Stortinget ved å skrive ut nyval, men dette er ikkje mogleg i Noreg.

Samansetjing

Grunnloven seier berre at det skal vere ein statsminister og minst sju departement og statsrådar. I tråd med Grunnloven og Regjeringsinstruksen er det den som blir statsminister i ei ny regjering som utnemner statsrådane. I realiteten skjer dette i samråd med partiet eller partia som er involvert i regjeringsdanninga. Dei fleste statsrådar har eige departement, men nokre er statsrådar under eit anna departement. Til dømes har bistands- eller utviklingsministeren vore statsråd under Utanriksdepartementet.

Regjeringa står i teorien fritt til å definere dei enkelte departement sine arbeidsoppgåver, og det er vanleg at det skjer endringar under ei ny regjering. Nokre endringar har vore av praktisk art. Til dømes har ein flytta ansvaret for kyrkjesaker frå eit departement til eit anna, då det er eit krav at statsråden med ansvar for slike saker er medlem av Den norske kyrkja. Det kan også vere politiske grunnar til slike endringar, som at ein vil legge meir vekt på eit saksfelt. Eitt av mange døme på dette er opprettinga av Lønns- og prisdepartementet i 1955.

Regjeringa si verksemd

Statsrådsalen i den gamle regjeringsbygningen (dagens Finansdepartement), i bruk for regjeringskonferansene fra 1906 til til 1919, da de ble flyttet til statsrådsalen i Victoria Terrasse. Da Høyblokka sto ferdig i 1958 ble regjeringskonferansene lagt dit.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014)

Det er ein del konkrete oppgåver som er definert for regjeringa:

  • Å foreslå statsbudsjett for Stortinget.
  • Å foreslå nye lover for Stortinget.
  • Å setje i verk nye lover og tiltak i tråd med Stortinget sine vedtak.
  • Å lage retningslinjer og føreskrifter til lovene Stortinget har vedteke.
  • Å styre statlege verksemder, direkte eller gjennom direktorat.
  • Å styre utanrikspolitikken, i tråd med Stortinget sin vilje.
  • Å forvalte statleg eigarskap i føretak og andre statlege investeringar.

Regjeringa møtast til statsråd på Det kongelige slott kvar fredag, med kongen som formell leiar. I desse møta er alle saker allereie avgjort. Dei politiske avgjerdene blir tekne på regjeringskonferansen, som normalt haldast måndagar og torsdagar, med førebuande statsråd på torsdagane. På desse møta er statsministeren møteleiar. Avgjerder frå regjeringskonferansen blir sendt vidare til statsråd, der den formelle avgjerda blir teken. Ei slik avgjerd blir utferda som ein kongeleg resolusjon. Kongen signerer resolusjonen, og statsministeren kontrasignerer. Om ein statsråd ikkje er einig i avgjerda, skal det protokollførast dissens.

Når regjeringa fremmar ei sak for Stortinget har ho opplysningsplikt. Alle opplysningar om saka må leggjast fram for dei folkevalde. Stortinget kan kontrollere regjeringa si verksemd i spørjetimen og gjennom kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Regjeringer

Før parlamentarismen

Før parlamentarismen blei innført i 1884 var det kongen som utnemnde regjering og dette var embetsstillingar, og kunne vere avansementstillingar for folk i embetsverket. Kongen trengte ikkje å ta omsyn til om statsministeren og statsrådane hadde fleirtal bak seg. Ein skifta ikkje ut heile regjeringa på ein gong, og det er derfor ikkje mogleg å få ei like klar rekkje av regjeringer som ein har etter 1884. I staden delar ein dei gjerne inn i ministerium med namn etter statthaldaren eller ein annan sentral person. Regjeringane i Noreg vart leia av statthaldaren eller ein av statsrådane som då vart kalla førstestatsråd, fram til embetet som statsminister i Kristiania vart oppretta i 1873[4] som følge av statthaldarstiden med Frederik Stang som fyrste statsminister.

Førstestatsråder/stattholdere/visekonger 1814–73

førstestatsråd Haxthausen (1814) • førstestatsråd Rosenkrantz (1814) • stattholder Essen (18141816) • visekonge kronprins Karl Johan (1816) • stattholder Mörner (18161818) • stattholder Sandels (18181824) • visekonge kronprins Oscar (1824) • stattholder Sandels (18241827) • stattholder Platen (18271829) • førstestatsråd Collett (1829-1833) • visekonge kronprins Oscar (1833) • førstestatsråd Collett (1833-1836) • stattholder Wedel Jarlsberg (1836-1840) • førstestatsråd Krog (1840-1841) • stattholder Løvenskiold (1841-1856) • førstestatsråd Vogt (1856-1857) • visekonge kronprins Karl (1857) • førstestatsråd Vogt (1857-1858) • førstestatsråd Petersen (1858-1861) • førstestatsråd Stang (1861-1873) • Embetet opphørt, statsminister innført i 1873 etter Stattholderstriden.

Tiltredde Gjekk av Ministerium
2. mars 1814 11- november 1814 Regjeringsrådet 1814
11. november 1814 19. september 1836 Første Wedel-ministerium
19. september 1836 8. mars 1844 Andre Wedel-ministerium
8. mars 1844 17. juni 1856 Løvenskiold/Vogt-ministeriet
17. juni 1856 16. desember 1858 Vogt-ministeriet
16. desember 1858 17. desember 1861 Sibbern/Birch/Motzfeldt-ministeriet
17. desember 1861 11. oktober 1880 Fredrik Stangs ministerium
11. oktober 1880 1. mars 1884 Christian Selmers ministerium
3. april 1884 26. juni 1884 Schweigaard/Løvenskiold-ministeriet

Parlamentariske regjeringer

Christian Michelsens regjering ved utnevnelsen, 1905–1907.
Foto: Jens Carl Frederik Hilfling-Rasmussen (1905).
Ivar Lykkes regjering ved utnevnelsen i 1926-1928. Stående fra venstre: Peter Andreas Morell, Anders Venger, Ole Ludvig Bærøe, Charles Robertson. Sittende fra venstre: Wilhelm Christian Magelssen, Karl Wilhelm Wefring, Ivar Lykke, Fredrik Ludvig Konow, Ingolf Elster Christensen.
Foto: Fra boka Høyres historie, bind 2 (1984).

Med parlamentarismen gjorde dei politiske partia sitt inntog, og ein byrja å bytte ut heile regjeringa på ein gong. Regjeringane får namn etter statsministeren, og om same person er statsminister ved fleire høve kallast dei første og andre regjering osb. For å gjere det lettare å finne fram er regjeringsnamnet forkorta, og det er lagt inn lenkje til artikkel om statsministeren. Innafor kvar regjering er det gjerne fleire skifte av enkeltstatsrådar. Talet på departement og statsrådar kan også endrast innafor ei regjeringsperiode.

Ved koalisjonsregjeringer er partia sett opp med statsministeren sitt parti først.

Dei tyskvennlege og tyskinnsette regjeringane i krigsåra 1940–1945 er lista opp i neste bolk.

Tiltredde Gjekk av Regjering Statsminister Parti
26. juni 1884 13. juli 1889 Sverdrup Johan Sverdrup V
13. juli 1889 6. mars 1891 Stang I Emil Stang H
6. mars 1891 2. mai 1893 Steen I Johannes Steen V
2. mars 1893 14. oktober 1895 Stang II Emil Stang H
14. oktober 1895 17. februar 1898 Hagerup I Francis Hagerup H, MV, V
17. februar 1898 21. april 1902 Steen II Johannes Steen V
21. april 1902 22. oktober 1903 Blehr I Otto Blehr V
22. oktober 1903 11. mars 1905 Hagerup II Francis Hagerup Saml., V, H.
11. mars 1905 23. oktober 1907 Michelsen Christian Michelsen V, H, MV, Saml.
23. oktober 1907 19. mars 1908 Løvland Jørgen Løvland V, MV, uavh.
19. mars 1908 2. februar 1910 Knudsen I Gunnar Knudsen V
2. februar 1910 20. februar 1912 Konow Wollert Konow FV, H
20. februar 1912 31. januar 1913 Bratlie Jens Bratlie H, FV
31. januar 1913 21. juni 1920 Knudsen II Gunnar Knudsen V
21. juni 1920 22. juni 1921 Halvorsen I Otto B. Halvorsen H, FV
22. juni 1921 6. mars 1923 Blehr II Otto Blehr V
6. mars 1923 30. mai 1923 Halvorsen II Otto B. Halvorsen H, FV
30. mai 1923 25. juli 1924 Berge Abraham Berge FV, H
25. juli 1924 5. mars 1926 Mowinckel I Johan Ludwig Mowinckel V
5. mars 1926 28. januar 1928 Lykke Ivar Lykke H, FV
28. januar 1928 15. februar 1928 Hornsrud Christopher Hornsrud AP
15. februar 1928 12. mai 1931 Mowinckel II Johan Ludwig Mowinckel V
12. mai 1931 14. mars 1932 Kolstad Peder Kolstad Bond.
14. mars 1932 3. mars 1933 Hundseid Jens Hundseid Bond.
3. mars 1933 20. mars 1935 Mowinckel III Johan Ludwig Mowinckel V
20. mars 1935 25. juni 1945 Nygaardsvold Johan Nygaardsvold AP
25. juni 1945 5. november 1945 Gerhardsen I Einar Gerhardsen Samlingsregjering
5. november 1945 19. november 1951 Gerhardsen II Einar Gerhardsen AP
19. november 1951 22. januar 1955 Torp Oscar Torp AP
22. januar 1955 28. august 1963 Gerhardsen III Einar Gerhardsen AP
28. august 1963 25. september 1963 Lyng John Lyng H, SP, V, KrF
25. september 1963 12. oktober 1965 Gerhardsen IV Einar Gerhardsen AP
12. oktober 1965 17. mars 1971 Borten Per Borten SP, H, V, KrF
17. mars 1971 18. oktober 1972 Bratteli I Trygve Bratteli AP
18. oktober 1972 16. oktober 1973 Korvald Lars Korvald KrF, SP, V
16. oktober 1973 15. januar 1976 Bratteli II Trygve Bratteli AP
15. januar 1976 4. februar 1981 Nordli Odvar Nordli AP
4. februar 1981 14. oktober 1981 Brundtland I Gro Harlem Brundtland AP
14. oktober 1981 9. mai 1986 Willoch Kåre Willoch H, KrF, SP
9. mai 1986 16. oktober 1989 Brundtland II Gro Harlem Brundtland AP
16. oktober 1989 3. november 1990 Syse Jan P. Syse H, KrF, SP
3. november 1990 25. oktober 1996 Brundtland III Gro Harlem Brundtland AP
25. oktober 1996 17. oktober 1997 Jagland Torbjørn Jagland AP
17. oktober 1997 17. mars 2000 Bondevik I Kjell Magne Bondevik KrF, SP, V
17. mars 2000 19. oktober 2001 Stoltenberg I Jens Stoltenberg AP
19. oktober 2001 17. oktober 2005 Bondevik II Kjell Magne Bondevik KrF, H, V
17. oktober 2005 16. oktober 2013 Stoltenberg II Jens Stoltenberg AP, SV, SP
16. oktober 2013 Solberg Erna Solberg H, FrP

Okkupasjonsregjeringer under andre verdskrigen

Tiltredde Gjekk av Regjering
9. april 1940 15. april 1940 Quisling I
15. april 1940 22. september 1940 Administrasjonsrådet
22. september 1940 1. februar 1942 Dei kommissariske statsrådane
1. februar 1942 8. mai 1945 Quisling II

Referansar

Litteratur