Reinheimen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 29. okt. 2020 kl. 14:56 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn.

Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.

Inn mot og inne i området ligg fleire seterdalar, t.d. Lordalen i Lesja, GrøndalenLesjaskogen, Brøstdalen i Rauma og Finndalen i Vågå.

I 2006 vart Reinheimen nasjonalpark på 1969 km2 oppretta i dette området.

Kjelder