Reinli stavkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Cnyborg flyttet siden Reinli stavkirke til Reinli stavkyrkje)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 4. feb. 2014 kl. 11:27

Snitteikning av Reinli stavkyrkje, av Georg Andreas Bull

Reinli stavkyrkje står på ein terrasse i den bratte dalsida i Reinli i Sør-Aurdal. Kyrkje vart truleg reist på 1300-talet som ei hallkyrkje med eitt stort rom. Seinare vart koret utvida med apsis, og kyrkja fekk ein svalgang. Det er funne spor etter tidlegare kyrkjer på same staden. Rett nedafor stavkyrkja står Reinli kyrkje, som er soknekyrkje i dag. Stavkyrkja nyttast ved spesielle høve, som bryllaup og dåp, og ho er ope for turistar om sumaren.


Datering

Fyrste gongen Reinli kyrkje nemnast i skriftlege kjelder er i 1327, då eit rekneskap frå den pavelege nuntien nemner ecclesia de Reglir cum capella, Reinlikyrkja med kapell. Ein trur at kapellet kan vere Ule kyrkje i Bagn. Reinli sokn vert så nemnd ein rekkje gonger i brev, som i 1338 («j Reínliid»), 1366 («i renlida kirkiu sokn») og 1395 («Reinlidar kirkie sokn»).

Arkeologiske undersøkingar har synt at det har vore to eldre kyrkjer på staden. Ein av dei brann ned. Tømmeret i kyrkja som står er datert med dendrokronologi, og vart hogd i åra 1323–1326. Det finst også noko eldre tømmer, som truleg kjem frå ei eldre kyrkje. Ein kan difor rekne med at den fyrste kyrkja brann, og at den andre vart reven. Ein av bjelkane er datert til 1172.

Arkitektur

Kyrkja hadde opphavleg berre eitt rom, men i ei større ombygging i seinmellomalderen fekk ho eit klarare definert kor med apsis, og vart ei langkyrkje. Skipet og koret har samme breidd. Det vart også bygd ein svalgang som er heilt innelukka. Kjerna i kyrkja er seks store furustavar.

Hovudinngangen er i vest, og det er to portalar i sør.

Vindauga vart gjort større etter reformasjonen. Ein hadde då større behov for ljos, så folk kunne lesa i salmebøkene. Dei opphavlege ljosgluggene hadde ein diamter på berre omkring tjue centimeter, så det var mørkt i kyrkja i mellomalderen. I dag er vindauga bytta ut med enklare glasauge.

I avslutninga av koret er det ei lita opning i veggen. Luka har vorte tolka på tre vis: Skrifteluke, opning til eit skåp eller luke for å gje nattverd til spedalske. Ved inngangsdøra til koret er det også ei lita luke, og at det er to slike luker gjer det ikkje enklare å tolke dei.

I mellomalderen var det ein takryttar med klokker. Ein ny takryttar vart bygd i 1685, og er i 1686 omtalt som eit tårn. Denne takryttaren falt ned eller vart skifta ut med noverande takryttar omkring 1720.

Eit stort galleri som vart sett opp i 1880-åra er seinare fjerna.

Ein av dei originale dørringane frå mellomalderen vart flytt til Bagn kyrkje, men i 1958 vart ho ført attende til Reinli. Diverre vart ho stolen i 1972, og har ikkje kome til rette. Andre dørringbeslag og låsbeslag frå mellomalderen er bevart, og har dekor frå Sogn-Valdresgruppa.

Interiør

Orgelet, som vart restaurert i 1970-åra, står på eit galleri i apsis, over og bak alteret.

Alteret er samansett av restar frå fleire mellomalderskåp.

Reinli stavkyrkje skal vere den einaste mellomalderkyrkja i landet som har alle tolv vigslingskrossar intakt. Desse vart måla på veggen under vigslinga, og dei er i dag svartmåla. Seks av dei sit i koret, og seks i skipet. Dei seks i koret må ha vorte måla opp i seinmiddelalderen. Anten såg dei på det som å flytte krossane, eller kyrkja vart nyvigsla.

Ein finn fleire høve på graffiti i kyrkja. Den eldste er frå tida 1160 til 1250, og kan ha vore med over frå den eldre kyrkja. Den er rissa inn i veggen i apsis, og visar eit skip. Ei finn og innrissa eit frukbarheitssymbol og eit evigheitssymbol i svalgangen.

Historie

Bagn kyrkje vart bygd på 1700-talet var det fare for at Reinli sokn skulle verte nedlagt. Men folket i Reinli holdt kyrkja i hevd, og i 1819 er ho nemnd som «Øvre Reinlids Lovekirke».

Kyrkja vart restaurert omkring 1850 av Eiliv Bakko og Ola Jonsson Lumdal. Kristoffer Hagane, som vart kyrkjesongar i 1874, fekk pressa fram pengar frå Stortinget. Dei løyva tusen kroner, som vart nytta til å restaurere vestportalen, fjerne benkene og sette inn to nye rekkjer, sette inn eit nytt og større galleri, flytte preikestolen og skifte ut vindauga.

Det nye kapellet på andre sida av vegen vart vigsla i 1965, og vart seinare soknekyrkje.

1977 til 1979 vart stavkyrkja restaurert under leiing av Ola H. Sukke og Arne Langedrag. Etter innkjøp av nye stoler har kyrkja omkring 75 sitjeplassar.

Segn om Reinli kyrkje

Et segn fortel av kyrkja fyrst vart bygd ein stad som heiter Kirkeengen, og at ho vart flytta til staden der ho står no av dei underjordiske før ho var ferdig. Eit anna segn fortel at då fyrste messa skulle feirast i kyrkja, byrja ei huldrejente å blåse på lur for å lokke kyrkjelyden ut av kyrkja, men ho vart brått stanga i hel av ein bukk.

Kjelder

  • Anker, Peter: Stavkirkene. Deres egenart og historie. 1997.
  • Aars, Ivar: «Reinli stavkyrkje: Kyrkja vår 29» i Årbok for Valdres. 2013.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 60.83141° N 9.49287° Ø