Reiphegd

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. jun. 2024 kl. 08:43 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Eksterne lenkjer +Kjelder og litteratur))
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Reip med reiphegd.

Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne bøygd til av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjennom att for å halde saman ei reipslegen bør (sjå hekt og tau), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børa på ei høybåre, ein slede eller liknande.

Kjelder og litteratur