Reksta skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 10:10 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Flora kommune» til «Kategori:Kinn kommune Kategori:Flora»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Reksta skule sett frå sjøen
Foto: Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Reksta skule var skulehuset i Reksta krins i gamle Kinn kommune frå 1920-1972. Bygningen var eit samarbeid mellom ungdomslaget i grenda og kommunen. Ungdomslaget stod for bygginga av kjellaren, som vart innreia til forsamlingslokale. Hovudetasjen og loftsetasjen tilhøyrde skulen.

Under andre verdenskrig gjekk ein tysk marinebåt på grunn nær Langevika. Tyskarane rekvirerte då skulen til bustad i fleire veker medan skipet vart reparert.

Skulehuset

I hovudetasjen var det klasserom og et kammers til læraren. På loftet var det eit stort rom med skråtak, her vart det ei tid halde snikkarskule. Bygningen er godt bevart og mykje av utstyret frå skuletida (skulebenkar og plansjar) står framleis i klasserommet.

Anna bruksområde

Grendahusdelen i bygget har hatt mykje aktivitet. I mellomkrigstida heldt songkoret og skyttarlaget til i huset. Her var det 17.mai feiring, juletrefestar og andre private arrangement. Sanitetslaget, ungdomslaget og redningsselskapet har arrangert basarar i Rekstakjellaren, men for mange er skulehuset på Reksta best hugsa for sine dansetilstellningar. Ein gong dei arrangerte dansefest solgte dei 350 billettar og det låg over 50 båta i Vågen. Ein av arrangørane av dansefestane var ho "Maria i garda". Det er mange som har gode minner om hennar sprudlane humør på kjøkkenet, der ho stod og solgte pølser og kaffi til ungdommane som kom på dans.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Reksten, Torleif (2009) Reksta skule. I Flora-minne 2009

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Lars Erik Reksten


Koordinater: 61.562765° N 4.836730° Ø