Reksteren kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Reksteren kyrkjeTysnes i Sunnhordland er den yngste av dei fire kyrkjene i kommunen, vigsla i 1937. Då hadde spørsmålet om eiga kyrkje på øya Reksteren, som er ein del av Tysnes kommune, versert som ei eiga sak sidan 1902.

Ein langvarig debatt

Reksteren kyrkje. Postkort frå etter 1937.

Då det i 1902 vart beslutta at Tysnes kyrkje skulle takast ned og flyttast, kom det eit skriv frå folk på Reksteren om at dei ville ha eit kapell eller ei kyrkje på øya. Det ville i så fall innebera at Reksteren måtte skiljast ut som eige sokn, og vart såleis avvist av fleirtalet i heradstyret. Men nokre år seinare, etter at Tysnes kyrkje var bygd opp att på den noverande staden, kom spørsmålet om eiga kyrkje på Reksteren opp på nytt. Det vart sett i gong innsamling av pengar til føremålet, i form av eit kyrkjefond. Tilbodet om ni gudstenester årleg i det nybygde skulehuset på Bruntveit, som var vigsla til kyrkjeleg bruk då skulen stod ny i 1915, vart ikkje sett på som godt nok.

I 1924 vart spørsmålet om ei eigna tomt for eit framtidig kapell teke opp. Diskusjonen kring plasseringa av kapellet skulle koma til å ta fleire år. Først i 1934 var det endeleg semja om staden. Det vart vedteke med 29 mot 1 røyst å leggja ei kyrkje til Bruntveit. Då hadde det i fleire år vore ein særs oppheta lokaliseringsdebatt, til tider så ille at biskop Andreas Fleischer ved eit høve vart tilkalla for å mekla mellom partane.

Byggjenemnda tok kontakt med arkitekt Torgeir Alvsaker i Bergen, som teikna kyrkjebygget. Ein var så heldig å finna grå granittstein på sjølve byggetomta. Grunnsteinen vart nedlagd 17. mai 1936. Bygginga vart utført av byggmeister Jacob Molvik. I januar 1937 vart kyrkja vigsla av biskop Andreas Fleischer. I 1952 vart Reksteren skilt ut som eige kyrkjesokn.

Interiør

Interiør i Reksteren kyrkje.

Reksteren kyrkje er ei einskipa kyrkje av tre og har 250 sitjeplassar. Ettersom ho er relativt lita, får ein ei kjensle av intimitet inne i kyrkjerommet. Det er katedralglas i vindauga. På altaret står eit krusifiks som er skore av den lokale treskjeraren Kristofer Tveit. Mykje av interiør og inventar er gåver frå personar i lokalmiljøet, såleis også kyrkjeklokka, og er av nyare dato.

Kjelder

  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1975.
  • Norges kirker. Hordaland, bind 2. Gyldendal. 2000.