Rigg og segl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
({{nn}})
(23 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Freiheitu.jpg|Seglande [[kutter]].|Uwe Kils}}
{{thumb|C18347j oselvar og åfjording.jpg|[[Oselvar]] med [[sprisegl]] og [[åfjordsbåt]] med [[råsegl]] under kappseglas på Råseglseminaret 2015 i [[Valsøyfjord|Valsøyfjorden]].|Olve Utne}}

'''[[Rigg og segl]]''' er eit fellesnamn for dei delene av farkostar som gjer at dei kan bruke vind til framdrift. Basiselementa er [[segl]], som er membranar som fangar opp vinden; [[master|mastrer]], [[rå (nautisk)|rær]] og spryd som utgjer grunnramma for segla; og [[tau]], [[blokk (nautisk)|blekker]] og beslag som held segla på plass og kan brukast til å regulere posisjonar og vinklar for segla. Funn tyder på at segl har vorte bruka på farkostar i alle fall dei siste 6 000–7 000 åra. Ein faglært handverkar som syr segl blir kalla ein [[seglmakar]].
'''Segl''' er tøy-, duk eller materialstykke som er skorne og samansette etter [[aerodynamikk|aerodynamiske prinsipp]] for at [[skip]], [[båt]]ar og andre farkostar skal kunna bruke [[vind]] som drivkraft. Funn tyder på at segl har vore bruka på båtar og skip i minst 6 000–7 000 år.

Ein fagmann som kan laga segl blir kalla ein [[seglmakar]].

==Materiale==
==Materiale==
[[image:US Sailing Team2.jpg|mini|250px|Kappsegling for fulle segl.]]
Sjølve seglmembranen kallar vi ''seglduk''. Det er viktig at segla har låg vekt og er lette å handtere. Seglduken lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera fast og tett. Han må ta opp minst muleg vatn, og overflata må vera glatt.
Det er viktig at segl har låg vekt og er lette å handtere. Materialet lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera faste og tette. Det må ta opp minst muleg vatn og overflata må vera glatt.

Opprinneleg var [[seglduk]] laga av [[ull]], [[brennesle]], [[hamp]] eller [[lin]]. Midt på [[1800-talet]] kom segl av [[bomull]] i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av [[polyester]].
Opprinneleg vart [[seglduk]] gjerne laga av [[ull]], [[brennesle]], [[hamp]] eller [[lin]]. Midt på [[1800-talet]] kom segl av [[bomull]] i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av [[polyester]].

Fordelene med linsegla var at dei var faste når dei vart våte av [[sjøsprøyt]] eller [[regn]]. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i [[Europa]] på kappseglingsskonnerten [[SS «Amerika»]] i [[1851]].
Ein fordel med linsegla var at dei var faste når dei vart våte av [[sjøsprøyt]] eller [[regn]]. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten [[SS «Amerika»]] i [[1851]].

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.
På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

== Råsegl og sneisegl ==
<gallery>
Fil:2892r tre seglnaaler.jpg|Tre seglnåler. {{byline|Olve Utne|2007}}
Fil:2877 handflate m seglhanske.jpg|Seglmakarhanske. {{byline|Olve Utne|2007}}
</gallery>

[[Råsegl]] og [[sneisegl]] er to hovudtypar av segl. Råsegl er normalt stilt tverrskips, mens sneilsegl står langskips. Råseglet er kjent frå [[vikingskip]]. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.
== Skværsegl og sneisegl ==
{{thumb|Segltypar.png|Ulike grunntypar segl.}}
[[Skværsegl]] og [[sneisegl]] er to hovudtypar av segl. Skværsegl vil normalt seie [[råsegl]] og er normalt stilt tverrskips, mens sneisegl, slik som f.eks. [[latinarsegl]] og [[gaffelsegl]], står langskips. Råseglet er kjent frå [[vikingskip]]. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via [[latinarsegl]], [[sprisegl]] og [[gaffelsegl]] til dagens segl, som på dei fleste moderne båtane blir utforma og kombinert på ein måte kalla [[bermudarigg]].
Frå råsegl har utviklinga gått via [[latinarsegl]] til [[sprisegl]], [[gaffelsegl]] og det vanlegaste på dei fleste moderne båtane, som er [[bermudarigg]].

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna [[kevlar]] og [[mylar]], og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.
Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna [[kevlar]] og [[mylar]], og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.
Linje 25: Linje 26:
== Samansetting av segl ==
== Samansetting av segl ==

Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valte for ein båt blir kalla [[rigg]]. Seglskip blir ofte nemnte etter utforminga på riggen, for eksempel [[fullriggar]], [[brigg]], [[bark]], [[skonnert]] og [[slupp]].
Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valt for ein båt blir kalla [[rigg]]. Seglskip blir ofte nemnt etter utforminga på riggen, for eksempel [[fullriggar]], [[brigg]], [[barkskip|bark]], [[skonnert]] og [[slupp]].

Bermudariggen som er dominerande på [[lystbåt]]ar og [[kappsegling]]sbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla [[stormfokk]], så kjem [[kryssarfokk]] (mindre eller normal) og [[genoafokk]] (stor).
Bermudariggen som er dominerande på [[lystbåt]]ar og [[kappsegling]]sbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla [[stormfokk]], så kjem [[kryssarfokk]] (mindre eller normal) og [[genoafokk]] (stor).

== Andre farkostar med segl ==
== Andre farkostar med segl ==
[[fil:Quend 11 char a voile.jpg|mini|Strandsegling med hjul.]]
[[image:Quend 11 char a voile.jpg|thumb|Strandsegling med hjul.]]

Segl blir òg bruka på [[seglbrett]] (windsurfer), på farkostar med [[meie|meiar]] som blir bruka til issegling, med [[ski]] til snøsegling, og med [[hjul]] til segling på land.
Segl blir òg bruka på [[seglbrett]] (windsurfer), på farkostar med [[meie|meiar]] som blir bruka til issegling, med [[ski]] til snøsegling, og med [[hjul]] til segling på land.

{{Wikipedia|nn|Segl}}
{{Wikipedia|nn|Segl}}

== Lenkjer ==
[[kategori:rigg og segl| ]]
{{commons2|category:sailing|segling}}
[[kategori:seglfartøy]]

[[kategori:segl og rigg|*]]
[[kategori:vindkraft]]
[[kategori:vindkraft]]
[[kategori:tekstiler]]
[[kategori:tekstil]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 28. jan. 2016 kl. 19:31

Oselvar med sprisegl og åfjordsbåt med råsegl under kappseglas på Råseglseminaret 2015 i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne

Rigg og segl er eit fellesnamn for dei delene av farkostar som gjer at dei kan bruke vind til framdrift. Basiselementa er segl, som er membranar som fangar opp vinden; mastrer, rær og spryd som utgjer grunnramma for segla; og tau, blekker og beslag som held segla på plass og kan brukast til å regulere posisjonar og vinklar for segla. Funn tyder på at segl har vorte bruka på farkostar i alle fall dei siste 6 000–7 000 åra. Ein faglært handverkar som syr segl blir kalla ein seglmakar.

Materiale

Sjølve seglmembranen kallar vi seglduk. Det er viktig at segla har låg vekt og er lette å handtere. Seglduken lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera fast og tett. Han må ta opp minst muleg vatn, og overflata må vera glatt.

Opprinneleg vart seglduk gjerne laga av ull, brennesle, hamp eller lin. Midt på 1800-talet kom segl av bomull i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av polyester.

Ein fordel med linsegla var at dei var faste når dei vart våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

Skværsegl og sneisegl

Ulike grunntypar segl.

Skværsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Skværsegl vil normalt seie råsegl og er normalt stilt tverrskips, mens sneisegl, slik som f.eks. latinarsegl og gaffelsegl, står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl til sprisegl, gaffelsegl og det vanlegaste på dei fleste moderne båtane, som er bermudarigg.

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna kevlar og mylar, og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.

Samansetting av segl

Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valt for ein båt blir kalla rigg. Seglskip blir ofte nemnt etter utforminga på riggen, for eksempel fullriggar, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoafokk (stor).

Andre farkostar med segl

Strandsegling med hjul.

Segl blir òg bruka på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meiar som blir bruka til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Segl» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.