Rigg og segl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. feb. 2008 kl. 17:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) (... {{nbnn}} eller '''seil''' {{nb}} ...)
Hopp til navigering Hopp til søk
Seglande kutter.
Foto: Uwe Kils

Segl Mal:Nbnn eller seil Mal:Nb er tøy-, duk eller materialstykke som er skorne og samansette etter aerodynamiske prinsipp for at skip, båtar og andre farkostar skal kunna bruke vind som drivkraft. Funn tyder på at segl har vore bruka på båtar og skip i minst 6 000–7 000 år.

Ein fagmann som kan laga segl blir kalla ein seglmakar.

Materiale

Det er viktig at segl har låg vekt og er lette å handtere. Materialet lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera faste og tette. Det må ta opp minst muleg vatn og overflata må vera glatt.

Opprinneleg var seglduk laga av ull, brennesle, hamp eller lin. Midt på 1800-talet kom segl av bomull i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av polyester.

Fordelene med linsegla var at dei var faste når dei vart våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

Råsegl og sneisegl

Råsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Råsegl er normalt stilt tverrskips, mens sneilsegl står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl, sprisegl og gaffelsegl til dagens segl, som på dei fleste moderne båtane blir utforma og kombinert på ein måte kalla bermudarigg.

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna kevlar og mylar, og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.

Samansetting av segl

Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valte for ein båt blir kalla rigg. Seglskip blir ofte nemnte etter utforminga på riggen, for eksempel fullriggar, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoafokk (stor).

Andre farkostar med segl

Strandsegling med hjul.

Segl blir òg bruka på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meiar som blir bruka til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Segl» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.