Rigg og segl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Oselvar med sprisegl og åfjordsbåt med råsegl under kappseglas på Råseglseminaret 2015 i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne

Rigg og segl er eit fellesnamn for dei delene av farkostar som gjer at dei kan bruke vind til framdrift. Basiselementa er segl, som er membranar som fangar opp vinden; mastrer, rær og spryd som utgjer grunnramma for segla; og tau, blekker og beslag som held segla på plass og kan brukast til å regulere posisjonar og vinklar for segla. Funn tyder på at segl har vorte bruka på farkostar i alle fall dei siste 6 000–7 000 åra. Ein faglært handverkar som syr segl blir kalla ein seglmakar.

Materiale

Sjølve seglmembranen kallar vi seglduk. Det er viktig at segla har låg vekt og er lette å handtere. Seglduken lyt ha høg strekk- og krympemotstand og vera fast og tett. Han må ta opp minst muleg vatn, og overflata må vera glatt.

Opprinneleg vart seglduk gjerne laga av ull, brennesle, hamp eller lin. Midt på 1800-talet kom segl av bomull i bruk. Hundre år seinare dukka dei første kunstfibra opp — først i form av polyester.

Ein fordel med linsegla var at dei var faste når dei vart våte av sjøsprøyt eller regn. Men bomullssegla var lettare og heldt betre på forma. Dei gjorde det muleg å gå høgare opp mot vinden og komma fortare fram. Bomullssegl vart først bruka i Europa på kappseglingsskonnerten SS «Amerika» i 1851.

På veteranskip og kopiar av eldre båttypar blir det framleis bruka segl i lin og bomull.

Skværsegl og sneisegl

Ulike grunntypar segl.

Skværsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Skværsegl vil normalt seie råsegl og er normalt stilt tverrskips, mens sneisegl, slik som f.eks. latinarsegl og gaffelsegl, står langskips. Råseglet er kjent frå vikingskip. Ettersom råsegl verkar dårleg i motvind, vart det etterkvart utvikla alternative segltypar.

Frå råsegl har utviklinga gått via latinarsegl til sprisegl, gaffelsegl og det vanlegaste på dei fleste moderne båtane, som er bermudarigg.

Seglutviklinga har dei seinaste åra dreidd seg dels om utvikling av materiale, blant anna kevlar og mylar, og dels om utvikling av datasystem for konstruksjon og produksjon av segl som gjev maksimal effekt.

Samansetting av segl

Kombinasjonen av mastrer og segltypar som er valt for ein båt blir kalla rigg. Seglskip blir ofte nemnt etter utforminga på riggen, for eksempel fullriggar, brigg, bark, skonnert og slupp.

Bermudariggen som er dominerande på lystbåtar og kappseglingsbåtar har to karakteristiske segl, begge kileforma. Det er storsegl og fokk. To av sidene på storseglet, masteliket og bomliket, er festa til mastra og bommen. Den tredje sida, akterliket, blir halden oppe i ein svak boge med hjelp av smale spiler som ligg i spileposar. Forseglet til denne riggen blir kalla fokk. Dette seglet kan vera laga i ymse størrelsar, tilpassa varierande vindforhold. Den minste varianten blir kalla stormfokk, så kjem kryssarfokk (mindre eller normal) og genoafokk (stor).

Andre farkostar med segl

Strandsegling med hjul.

Segl blir òg bruka på seglbrett (windsurfer), på farkostar med meiar som blir bruka til issegling, med ski til snøsegling, og med hjul til segling på land.

















Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Segl» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.