Rinddalsstøylen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rinddalsstøylen ligg 660 moh. på grensa mellom Eid og Volda, i bygda Høydalen. I vest ligg Skarehornet m/Feirdalen og i aust ligg Eidskyrkja.

På 1800-tallet blei sel og fjøsar frå Høydalsdalen og Indre Høydalen flytta frå Feirdalen. Der stod dei fram til slutten av 1970-tallet. I dag er det leivdalingar som har beitedyr der oppe, i tillegg til eit sauebruk i Høydalen.

Slutten av dei gamle sela

I 1978 kom den fyrste snøfonna og tok alle sel, utanom Bakkane og tre sel i Dalen. Eigarane fekk erstatning frå kommunen og sela blei fort bygde opp igjen, men då som hytter. I 2005 blei eit sel påbygd og restaurert, og i 2007 begynte eit anna restaureringsprosjekt.

Historier

Ein mann frå Høydalen skulle ha tatt med seg ei ku i båten på Heimste Rinddalsvatn. I følgje ei kjelde skulle båten kolve, men mannen og kua kom seg heilberga opp på land.

Kjelder

  • Gamle sagn og historier frå Høydalen.