Rissa kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rissa
Fil:Rissa komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1624
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunesenter Rissa sentrum
Areal 31.55  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 31.55  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform nøytral
Nettside Nettside

Rissa (uttale: ["ɾes:ɑ]) er ein kommune i Fosen i Sør-Trøndelag. Kommunen ligg på ei halvøy avgrensa i nordvest av Stjørnfjorden og i sør og søraust av Trondheimsfjorden. Frå nordvest til søraust grenser han til Bjugn og Åfjord i Sør-Trøndelag, og Verran og Leksvik i Nord-Trøndelag.

Geografi

Rissa kommune ligg på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag fylke og omfattar kyststrekninga nord for ytre Trondheimsfjorden til Stjørnfjorden. Rissa kommune er nabokommune til Trondheim med Trondheimsfjorden som kommunegrense.

Samfunn

Kommuneadministrasjonen ligg i tettstaden og kommunesenteret Rissa, ved terskelfjorden Botn. Dei siste 20 åra har innbyggjartalet svinga mellom 6 400 og 6 530.

Rissa har fem grunnskular — to skular frå 1. til 7. klasse og tre frå 1. til 10. klasse. I kommunesenteret ligg òg Rissa videregående skole og Fosen folkehøgskole. Det er fem kommunale og tre private barnehagar, alle for aldersgruppa 0–6 år.

Kommunen er inndelt i tre omsorgssonar som omfattar sjukeheim, eldresenter, heimehjelpsordning, heimesjukepleie og oppfølgingsteneste for psykisk utviklingshemma og menneske med psykiatriske lidingar.

Rissa kommune svarar til Stadsbygd prestegjeld i Den norske kyrkja. Det finst fem kyrkjer i kommunen: Rissa kyrkje, Stadsbygd kyrkje, Rein kyrkje, Hasselvika kyrkje, Ramsvik kyrkje og Frengen kyrkje.

Reiseavstand til Trondheim er ein dryg time via ferjesambandet FlakkRørvik.

Politikk

Næringsliv

Saman med primærnæringane er Fosen Mekaniske Verksteder ei av hjørnesteinsbedriftene. Her blir det bygd skip i verdsklasse. Elles finst ein relativt variert industri med næringsmiddel-, trevare- og verkstadindustri. I kommunesenteret finst kjøpesenter med godt utval av ulike forretningar og fleire daglegvarebutikkar. I tillegg er det nærbutikkar rundt om i grendene.

Historie

Det geografiske området som i dag utgjer Rissa kommune, er resultatet av kommunesamanslåinga i 1964. Deler av datidas Stadsbygd, Rissa og Stjørna vart slegne saman til ein storkommune. Dagens kommunevåpen viser òg til kommunesamanslåinga med dei tre rosene som symboliserer kvar sin kommunedel.

Det finst spor av menneskeleg aktivitet frå tidleg i yngre steinalder, truleg for 5000–5500 år sidan. Helleristningane på Stykket i Stadsbygd (elgfigurar) vitnar om ei tid da menneska i Trøndelag enno levde av fiske og fangst og sanking av skjel, planter og røter.

Med hjelp av namnegransking kan ein temmeleg sikkert slå fast at det har budd folk i kommunen frå føre vikingtida (yngre jarnalder). Eksempel her er namn som ender på -vin og -heim: Grenne (Granvin), Dæli (Dalvin), Askjem og Solem. Truleg var det stor folketilvekst her i tidleg vikingtid, noko alle -stad-namna vitnar om: Vemundstad, Fenstad, Hermstad, Baustad, Denstad. Namnegranskinga fortel oss at det allereie i vikingtida var fast busetting omtrent i dei same områda det bur folk i dag, over tusen år seinare.

Namnet Rissa (lokal uttale: Ressa) er ikkje sikkert tolka, men kan vera avleidd av norrønt Rissi, namn på bukta av Trondheimsfjorden (Botn) som går inn her, eller til norrønt ris, ‘bergrygg’ eller verbet risa, ‘stige’. Den sistnemnte tydinga kan vise til bergryggen Blåheia som ris (stig) opp frå fjorden. Nokre namnegranskarar meiner namnet kan ha eit anna opphav, nemleg straumen inn til Botn som ris opp og ned.

Rissa er kjent for naturkatastrofar òg. Mest kjent er Rissaraset i 1978, da eit kvikkleirskred tok med seg over 20 bygningar og éin person omkom. Det er òg kjent at det gikk eit leirskred på Dale i 1760 der 17 menneske omkom.

Kultur

Ord og våpen

Utgangspunktet for kommunevåpenet er hertug Skule Bårdsson (1189-1240), som eigde godset og kongsgarden Rein i Rissa. Ved utgraving i Erkebispegarden i Trondheim vart det funne deler av ein gravstein der ein person er avbilda med hertugkrone/ krans. Ein trur at dette er Skule. Det er frå dette bildet på gravsteinen at motivet er henta. Den grøne botnfargen i kommunevåpenet symboliserer at Rissa er ein primærnæringskommune, og sølvfargen på ringen og kransane viser til det rike sildefisket i Stjørnfjorden og Råkvåg. Våpenet viser òg til kommunesammenslåinga, kor dei tre rosene symboliserer kvar sin kommunedel.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen er det store teateramfiet som ligg mellom Prestegårdshagen og Museet Kystens arv på Stadsbygd. Dette vart anlagt i samband med at området vart valt til tusenårsstad for Rissa kommune i år 2000. Dei største teateroppsettingane her var dramatiseringa av Johan Bojer sin roman Den siste viking i 2001 og 2002. I ei ny oppsetting i 2005 trekte forestillinga mesta 7000 tilskodarar.

Friluftsliv

Rissa kommune har ein svært variert natur som gir mulegheiter for eit uvanleg rikt friluftsliv innanfor korte avstandar. Frå høgfjellsområda i Skurven til fjøra ved fjorden er det eit stort spenn i årstidsvariasjon, klima og frodigheit. Her finst fine utfartsterreng for langrenn og ein alpinbakke (Haugsdal Skisenter). Det er mange gode fiskevatn og to lakseelvar, Nordelva og Skauga. Langs fjorden og ved ein del av vatna finst fine badeplassar.

Verdt å sjå

Rissa har vore arena for mange historiske hendingar, ikkje minst på kongsgarden og nonneklosteret på Rein. Driftige rissværingar og staværingar drog på lofotfiske med åfjordsbåtar og la grunnlaget for fylkesmuseet Kystens arv på Stadsbygda. Kring det rike sildefisket i Stjørnfjorden voks tettstaden Råkvåg med bryggjerekkja fram. I dag er det ei rekkje aktivitetar i Råkvåg, med museum, utstillingar, overnattingstilbod og servering.

Kjente rissværingar

Lenkjer

Mal:Sør-Trøndelag

Mal:Bokmålswikipedia Mal:Nynorsk Wikipedia