Rjukan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Rjukan ved Nat».
Foto: Sam Eyde-arkivet/Nasjonalbiblioteket

Rjukan er ein tettstad og administrasjonssenter i Tinn kommune i Telemark. I 1996 vedtok kommunen at Rjukan har bystatus. Staden ligg som ein langstrakt busetning langs elva Måna i Vestfjorddalen, ved foten av Gausta. Det er ein djup dal, der sola er borte frå botnen frå 2. oktober til 12. mars.

I 1907 byrja Norsk Hydro å byggje ut kraftproduksjon og industri i området, der det den gang berre låg nokre få gardsbruk. I 1909 åpna Rjukanbanen og i 1910 hadde folketalet vakse til omkring 2200, og i 1920 til 8350. Omkring 1960 vart store delar av produksjonen flytta til Herøya, og folketalet byrja å synke. I 2012 var det nede på omkring 3300. Ny industri har blitt etablert i Rjukan, og ein del av den kjemiske industrien er att.

I 1928 åpna Krossobanen som var ein gåve frå Norsk Hydro til innbygjerane på Rjukan, slik at dei kunne komma seg opp i sola i vinterhalvåret. Nedre stasjon ligjer på 385 moh., og frå denne plassen fraktar kabinvognane passasjerane opp i 886 moh.

Tinn museum på Rjukan er eit folkemuseum. Ein finn óg industrielle kulturminne frå Rjukans historie, som Turbinen og Birkelandsomna ved Rjukanhuset, og Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork. som tek for seg vasskraft og elektrokjemisk industri. Museet har og ei utstilling om atomvåpen og produksjonen av desse, knytta til tungtvannsaksjonen under andre verdenskrig. Kraftstasjonen, som i 1911 var ein av dei største i verda, er no i Norsk Teknisk Museum sitt eige.

Rjukan Arbeiderblad har fem utgåver i veka.

Kjelder

Mal:Thumb høyre

Galleri

Koordinater: 59.87891° N 8.59411° Ø