Rjukan mineralvannfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Rjukan mineralvannfabrikk var lenge ein av dei minste mineralvassfabrikkane i landet. Fabrikken låg på Rjukan i Tinn kommune og hadde røtar attende til 1908.

Historikk

Faksimile fra Rjukan Arbeiderblad 9. august 1923; annonse for Rjukan Mineralvandfabrik.

Den fyrste mineralvannfabrikken på Rjukan heitte Gausta mineralvand og blei starta av R. Bergstrøm i 1908. Fabrikken heldt til på garden Øvre Øverland, men flytta seinare til Nedre Øverland der kjeldevatnet hadde betre kvalitet. Bergstrøm hadde kome til Rjukan som anleggsarbeidar for Norsk Hydro. Mineralvatnet blei frakta med hest og kjerre til forretningane.

Etter nokre år selde Bergstrøm fabrikken til Olaf Stranderud og Gunnulf Tveito som døypte fabrikken om til Saaheim Mineralvandfabrik. Dei heldt til i kjellaren til ein tidlegare møbelforretning som låg i Sam Eydes gate 331. I 1918 flytta Tveito fabrikken til Tveito, og i 1923 kjøpte Nils Leidal lokala og utstyret og døypte fabrikken om til Rjukan mineralvandfabrik. Tomta hadde eige kjeldevatn som kunne nyttast i produksjonen, medan kullsyra vart levert av Hydro.

Mesteparten av produksjonen blei gjort manuelt. Etikettane blei limt på for hand, medan korkemaskina var halvautomatisk med fotpedal. Nils Leidal fekk laga ein vasketrommel slik at han fekk vaska flaskene med kaustisk soda og kokevatn. Trommelen blei sveiva med handmakt, og flaskene vart deretter lagt i eit oppvarma kar til skyljing. I 1930 kjøpte Leidal inn nye maskiner frå Tyskland av merket "Merkur 91". Bruskassene som blei nytta var ofte snekra av Leidal sjølv og hadde plass til 25 til 50 brusflasker.

Produkta frå fabrikken blei i dei fyrste åra levert i ein Harley Davidson med sidevogn. Seinare blei det kjøpt inn ein lastebil, ein Chevrolet 1925-modell med 24 hestekrefter og toppfart på 50 km/t. Denne var i bruk som varebil fram til fabrikken la ned drifta på midten av 1990-talet. I 1983 blei bilen kåra til "Norges eldste lastebil som fortsatt brukes til varetransport".

Produksjonen ved fabrikken var på rundt 150.000 flasker i året. Av brustypane som blei laga ved fabrikken var grape, Bobby appelsinbrus, pære, cola og selters.

I 1970 overtok sonen til Nils, Halvor Leidal fabrikken. Frå byrjinga nytta han det same produksjonsutstyret som faren hadde nytta, men han skaffa seg snart meir moderne utstyr.

Den siste flaska brus blei tappa ved Rjukan mineralvannfabrikk i 1996. Fabrikkutstyret blei deretter selt til Orkla industrimuseum i Trøndelag.

Arkiv

Delar av arkivet etter Rjukan Mineralvannfabrikk er oppbevart ved Norsk Industriarbeidermuseum.

Kjelder

Eksterne lenker