Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 1)

Rognsvågen er eit gardsbruk i Fedje kommune. Området Rognsvågen vart busett først kring 1810.

Rognsvågen
S030.167.1.CD 11 082.jpg
Flyfoto 1963. Rognsvågen bak, Svena og Husøyna framme.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 1

1. Rasmus Olsen f. 1769 Kaland, Austrheim d. 1836 (son av Ola Rasmussen og Ingeborg Ingebrigtsd) g. 1799 m. Helga Eriksd f. 1762 Bø, Radøy d. 1840 (dotter av Erik Mikkelsen og Anna Monsd, jf Radøyb. I s 601). Ingen born. Dei var plassfolk her utan at festesetel var tinglyst. Dei er første gongen nemnde her i 1817 då Rasmus stod fadder. I folketeljinga 1801 budde dei i Sævrøyna i Austrheim (jf Austrheimb. I s 146 og III s 713). Rasmus var fiskar.

2. Per Olsen f. 1805 Kopper (gnr 168 bnr 2-9 b) d. 1877 g. 1832 m. Anna Kristensd f. 1807 Husa (gnr 168 bnr 11-4d) d. 1885. Brukarar her frå giftarmålet. Bygselbrev 1832 frå Kristoffer Kahrs «paa den jordepart som forhen har været brugt og beboet af Rasmus Rasmusen (feilskrift for Olsen) og kaldet Rognsvaag». Husa, som var jordeigaren sine, skulle haldast i forsvarleg stand, og jorda skulle ryddast og dyrkast. All avling både frå sjø og land skulle først bydast jordeigaren til vanleg pris. Årleg avgift var 2 spd, 3 dagar med arbeid, samt 12 mils skyss etter skysslova. Matrikkelen i 1838 syner at skylda for dette bruket vart sett til 0 ort 20 sk. Per var med i det første heradsstyret for Lindås frå 1837, og sat til 1841. Han var los, ifølgje Bergen losrulle vart han reservelos i 1841 og fastlos i 1859. Næringa var elles fiske og jordbruk. I 1835 var det på dei to bruka i Rognsvågen i alt 5 storfe og 10 sauer, og utsådet var på 1 tn havre og ½ tn potet. I 1845 var dyretalet for dette bruket 2 storfe og 4 sauer, og utsådet ½ tn både med havre og potet, medan tala i 1855 synte ein auke til 3 storfe og 8 sauer, og 1 tn utsåd av begge slag. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 2,3 kyrlag og utsådet 1¼ tn havre og 1 tn potet. Avlinga var på 5 tn havre, 4½ tn potet og 125 våger høy. Det var 2 mål dyrka åker og eng, og 12,5 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka. I 1875 budde Per og Anna som kårfolk i «gamlestova», så då var det bygd nye hus her. Dei hadde 1 ku og 2 sauer på kåret.

Born: a. dødfødd son f. 1833. b. Olina Persd f. 1840, truleg død ung, då ho ikkje er konfirmert, og heller ikkje nemnd i skifta etter foreldra. c. Ananias Persen f. 1843 d. 1847. d. Agata Persd f. 1847 d. 1891, neste brukar (3). e. Andrea Persd f. 1850 d. 1874 (barselseng) g. 1873 m. Hans Larsen f. 1852 Sulo (gnr 169 bnr 34-lc) d. 1938, dotter ca. Hanselina Andrea Hansd f. 1873 d. 1898 vart oppfostra her, g. 1895 m. Eilert Olsen f. 1873 Byrknes d. 1958, budde der (sjå Gulenb. III s 261), brukte Uthaug som slektsnamn. Hans Larsen fekk med Margrete Marie Hansd Knoph f. 1841 Bergen d. 1894 sonen eb. Hans Andreas Hansen f. 1877 d. 1911, jf Stuberg gnr 168 bnr 19-18a. Hans Larsen vart oppattgift tre gonger, sjå Moldøyna (husmenn 5) og Sulo (gnr 169 bnr 13-1).

3. Agata Persd f. 1847 på dette bruket (2d) d. 1891 g. 1865 m. Gudmund Andersen f. 1838 Husa (gnr 168 bnr 11-6 c) d. 1901. Dei var halvsøskenborn med felles bestemor Anna Amundsd Husa (gnr 168 bnr 11-4/5). Bygselbrev 1865 frå Kristoffer og Arnold Kahrs med kår til nr 2. 1 1865 hadde dei 4 storfe og 6 sauer, og sådde 1½ tn havre og 2 tn potet. I 1 875 var dyretalet 2 kyr, 1 kalv og 5 sauer, og utsådet 1 tn både med havre og potet. Matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 43 øre.

Born: a. dødfødd son f. 1866. b. Petrina Gudmundsd f. 1867 d. 1909 (barsel) g. 1907 m. em. Eilert Bertin Jonasen f. 1864 Solheim, Austrheim d. 1929, budde der i Vikane (sjå Austrheimb. I s 627 og 709), son ba. Gudmund Peter Andreas Eilertsen Solheim f. 1909 d. 1985, vaks opp her hjå morbroren, g. 1934 m. Elida Edvardsd Langøy f. 1910 Austrheim d. 1982, bygde på frådelt tomt (gnr 167 bnr 7). c. Anders Gudmundsen f. 1869 d. 1921, neste brukar (4). d. Hansina Gudmundsd f. 1871 d. 1966 g. 1898 m. Karl Monsen f. 1873 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8c) d. 1932, brukarar der (9). e. Lars Gudmundsen Rognsvog f. 1873 d. 1936 g. 1899 m. Petrine Johannesd f. 1874 Vågenes, Radøy d. 1970 (jf Radøyb. II s 209). Lars var landhandlar på Nautnes i Øygarden, før familien utvandra til Racin i Wisconsin, USA i 1908. Lars var m.a. vaktmeister der. f. Andreas Bertin Gudmundsen f. 1875 d. 1965 g.l.g. 1900 m. Anna Maria Thomasd f. 1877 Mulen (6c) d. 1905, budde der (7). g. Helmina Gudmundsd f. 1877 d. 1896 g. 1895 m. em. Lars Kristiansen f. 1862 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-17d) d. 1948, brukarar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-19). h. Gurina Agata Gudmundsd f. 1878 g.m. Nils Olsen Heggøy f. 1882 Øygarden d. 1949 (bror til 2. kona til f), budde der. i. Olina Gudmundsd Andersen f. 1881 d. 1923, utvandra til USA 1902, kalte seg Lena, g.m. William Noakes f. 1875 England (utvandra 1890), metallarbeidar, bustad Portland i Oregon, seinare San Francisco og så Oakland i Alameda, California. j. Martin Gudmundsen Rognsvåg f. 1885 d. 1955 g. 1912 m. Elisabeth Ludviksd f. 1885 Husa (gnr 168 bnr 9-9b) d. 1975, bygde på frådelt tomt (gnr 167 bnr 4-1). k Kristoffer Gudmundsen f. 1887 d. 1965, utvandra 1905 til USA, tømrar, farmar, g.m. Ida Louise Johanson f. 1877 Kinnared i Halland, Sverige d. 1967 (utvandra 1898), budde i River Bend, så Hanford og til slutt Laytonville i California, brukte Anderson som slektsnamn.

Bryllaupet til Andrea og Anders Rognsvåg (4) 7. juli 1901, med familiane deira samla. Ho var kronebrur.
Frå venstre: Aslaug, Anders, Elisa, Aletta (søster til Elisa). Framme Ågot, Gudmund Solheim (vaks opp her) - Rognsvågen rundt 1910.
Inga og Aslaug Rognsvåg (6) framfor huset (bnr 1).

4. Anders Gudmundsen Rognsvåg f. 1869 på dette bruket (3c) d. 1921 g.l.g. 1901 m. Andrea Mikalsd f. 1879 Kopper (gnr 168 bnr l-25a) d. 1903 (barsel). Skøyte 1894 frå Fedje Torvkompagni til Anders for 860 kr og kår til faren. Anders sette opp det noverande huset på slutten av 1890-talet, seinare påbygd. Næringa var fiske og jordbruk.

Barn: a. Aslaug Andrea Rognsvåg f. 1903 d. 2001, seinare brukar (6).

5. Enkjemannen Anders Gudmundsen Rognsvåg (4) g.2.g. 1906 m. Elisa Marie Ananiasd f. 1876 Herdlesund, Askøy d. 1967 (dotter av Ananias Eriksen f. 1846 og Marta Monsd f. 1851). Anders omkom i ei ulykke då han fekk ein stein over seg. Elisa dreiv garden vidare til 1929, ho hadde to kyr.

Born: a. Ågot Marie Rognsvåg f. 1907 d. 1932 (tub.). b. Marta Amanda Rognsvåg f. 1910 d. 2006 g. 1932 m. Karl Martinsen Berg f. 1907 (gnr 168 bnr 21-11e) d. 1997, sjå der (12). c. Anna Rognsvåg f. 1916 d. 1997, ugift, kokke, bustad Bergen. d. Gudrun Rognsvåg f. 1917 d. 1994, ugift, budde på Herdlesund, Askøy. e. Torborg Rognsvåg f. 1920 d. 2017, syerske, g. 1951 m. William Mattias Fjereide f. 1914 Fjell d. 1968, tømrar, busette der (jf Fjellb. III s 573).

6. Aslaug Rognsvåg f. 1903 på dette bruket (4a) d. 2001 g. 1929 m. Ivar Husa f. 1901 (gnr 168 bnr 104-lb) d. 1992. Skøyte 1944 for 2000 kr og kår til Elisa (5). Fiske og jordbruk var næringa. Dei hadde 2-3 kyr fram til rundt 1950, 1 gris og 7-8 sauer til 1970-talet.

Born: a. Anders Rognsvåg f. 1930 d. 2010 g. 1961 m. Ellinor Storemark 1936 (gnr 172 bnr 96-lb), bygde på frådelt tomt gnr 167 bnr 9. b. Aksel Martinus Rognsvåg Husa f. 1933 d. 1996 g. 1958 m. Liv Thorsen f. 1937 Bergen d. 2011, bygde på frådelt tomt gnr 167 bnr 8. c. Inga Aslaug Rognsvåg f. 1937, kantinestyrar, g. 1963 m. Hans Torstein Træen f. 1938 Tyssedal i Odda, driv golvleggingsfirma, busette der.

7. Dei tre søskena fekk skøyte her i 1974. Tomta med huset vart frådelt i 2002 med nytt gnr 167 bnr 18, sjå der. Bnr 1 omfattar no jorda, uthus og naust. Eigarane i 2022 er Ellinor Rognsvåg f. 1936 (6a) med ⅓, Inga Træen f. 1937 (6c) med ⅓, Arild Husa f. 1959 med ⅑, Morten Husa f. 1961 med ⅑, og Lise Lislelid f. 1967 med ⅑ (borna til 6b).


Fedje komm.svg Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 1) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen • Neste bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/2)


Koordinater: 60.7823674° N 4.7270279° Ø