Rolff Wolf Hirsch

Rolff Wolf Hirsch (fødd 30. juli 1897 i Trondheim, ukjend dødsdato) var forretningsmann i Kristiansund. Han var frå ein jødisk familie, og vart under andre verdskrigen sendt i konsentrasjonsleir. Vi veit ikkje når og kvar han vart drepen.

Rolff Wolf Hirsch, frå Våre falne.
Snublesteinar til minne om fire frå familien Hirsch.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Han var son av Joel Jacob Hirsch (1866–1943) og Frida Hirsch f. Dublinsky (1868–1943), og var det fjerde av deira åtte barn. Sjølv vart han ikkje gift.

Faren flytta i 1891 frå Polen via Sverige til Trondheim, og i 1894 kom kona hans etter med dei to eldste borna Ida Ethel (f. 1884) og Filip (f. 1886). Dottera Elisabeth Hirsch vart fødd i Trondheim i 1895, og Rolff i 1897. I kjeldene er han nemnd som Rolf, Wolf, Rolff og Rolff Wolf, og det er ikkje heilt klart kva namn han eigentleg nytta; vi har vald den varianten som står på snublesteinen over han i Kristiansund. Familien flytta så til Levanger ein kort tid, og der vart Marie fødd i 1900. Så bar det attende til Trondheim, der dei fekk Esther (f. 1905), Ranka (f. 1907) og Benjamin Leib (f. 1910) – han fornorska seinare namnet til Leif.

I 1911 starta Joel Jacob Hirsch ein forretning i Vardø, og dei var der ein tid før dei flytta til Kristiansund. I 1915 dreiv Jacob Joel Hirsch forretninga Hirsch Skolager i Grand Kino sine lokaler i Kristiansund, og han hadde òg andre forretningar i byen. Etter handelsskulen vart Rolff medeigar, og i 1920-åra står han som hovudaksjonær i firmaet. Broren Filip var disponent og medeigar, og etter ei tid vart òg Rolff disponent. I 1927 gjekk firmaet konkurs. Rett i forkant at dette vart Rolff Hirsch bøtelagt for «illojal konkurranse». I ein artikkel i Romsdals Amtstidende den 5. april 1927 står det at han var hovudaksjonær med 28 av 30 aksjer (faren og broren Filip hadde ein kvar). Problemet var at dei hadde selt varane for billig, så konkurrentane ikkje kunne henge med. Avisa, som var organ for Høyre og Frisinnede Venstre, la ikkje skjul på kva problemet var: «De tre herrer [Jacob, Filip og Rolff Hirsch] er alle jødiske handelsborgere... Vi beklager bare at ikke kristiansundskjøpmennene på et tidligere tidspunkt har satt Norges Kjøpmannsforening inn i denne affære, som viser hva folk av fremmed herkomst kan tillate seg her i landet.»[1]

Faren hadde òg firmaet Jacob Hirsch Varemagasin A/S, der Rolff satt i styret fram til det gjekk konkurs i 1934.[2]

I 1938 melde Rolff Hirsch firmaet Trikotasjehuset Aktiv til Handelsregisteret.[3] Truleg hadde den lokalar på Bremsnes. Ved krigsutbrotet i 1940 var det berer Rolff og systera Esther som budde i Kristiansund med foreldra. Vi veit at Esther måla mønster på silkebroderi, og at familien hadde ein butikk der dei handla med kniplingar og broderi. Den skal ha hatt lokalar hos Den Vestlandske Indremisjon. Då Rolff Hirsch fylde ut spørreskjema for jøder i Norge skreiv han at han framleis hadde firmaet Trikotasjehuset Aktiv.

Den 26. oktober 1942 vart Joel Jacob og Rolff Hirsch arrestert og sendt til Berg interneringsleir. Truleg vart dei henta i heimen på Averøya; dei hadde både den heimen og eit hus i Nedre Enggate 21 i Kristiansund. Rolf Borøchstein, som overlevde krigen fordi han hadde norsk mor og derfor var «halvjøde», budde på same rom som dei, og kunne fortelje at det var kaldt på natta, og at dei måtte lage eit hol i golvet for å kunne gjere frå seg om natta. Det var hardt arbeid, men lite mat.

Klokka 5 på morgonen den 26. november 1942 gjekk alamen på Berg, og alle måtte stille opp på appellplassen. Dei som var gift med «ariske» kvinner skulle vere att i leiren, medan dei andre skulle deporterast. Rolff Hirsch var ein av dei som vart ropt opp til transport. Det var òg dei tre brørne Rolf, Werner og Herbert Borøchstein og Emanuel Fischer, Rolf Hirsch sine vener frå Kristiansund. Dei vart stua inn på eit tog og sendt til Den Norske Amerikalinje sin kai i Oslo, der D/S «Donau» låg. På kaia fekk brått dei tre brørne Borøchstein melding om at dei skulle sendast attende til Berg. Dei var ikkje gift med ikkje-jødiske kvinner, men mora deira var «arisk», så dei vart rekna som «halvjødar» av nazistane. For Rolff Hirsch og Emanuel Fischer bar det om bord på skipet.

Den 30. november 1942 la «Donau» til kai i Stettin, og dagen etter kom dei norske jødane med tog til Auschwitz. 186 av dei vart ført inn i leiren. Dette var dei arbeidsføre mennene. Dei andre – kvinner, born og gamle eller sjuke menn – vart sendt rett i gasskammeret. Alt tyder på at Rolff Hirsch var ein av dei som overlevde denne dagen. Han vart nemnd av andre fangar, men ingen veit kva som hende med ham vidare. Store delar av arkivet i Auschwitz – som vart førd med tysk presisjon – vart øydelagd mot slutten av krigen då vaktane såg at dei måtte kvitte seg med prov på sine brotsverk. Ut frå det vi veit om Auschwitz er det all grunn til å tru at han i løpet av berre nokre veker eller månader anten døydde av utmatting, svelt eller sjukdom, eller at han vart drepen når han ikkje lenger kunne arbeide.

Ved familien sin heim i Nedre Enggate 21 i Kristiansund er det sett ned fire snublesteinar til minne om Rolff Wolf Hirsch, foreldra og systera Esther.

Referansar

  1. «Hirsch Skolager A/S's akkord» i Romsdals Amtstidende, 5. april 1927.
  2. Jf. «Hirsch Varehus A/S» i Norsk Kunngjørelsestidende 1933-11-11. Digital versjonNettbiblioteket
  3. «Firmanytt» i Norges Handels og Sjøfartstidende 1937-08-13. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder


  Rolff Wolf Hirsch inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.