Rosslandsguden: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


==Utanlandske parallellar==
==Utanlandske parallellar==
Det er ikkje kjent liknande steinhovud frå norsk område. I Glejbjerg og Bramminge på Jylland er det funne steinfigurar som kvar har tre ansikt. I Frankrike og Storbritannia er steinansikt vanlegare, særleg i tilknytning til den keltiske kulturen. Dei blir vanlegvis tolka som portrett av gudar eller symbol på guddommelege krefter. Store auge og lange, smale naser går igjen på fleire av figurane. Eit spesielt interessant funn er gjort i byen Caer-Went i Wales. Denne romerske byen vart rasert i 450 e.Kr., og steinhovudet må vera eldre enn det. Den britiske forskaren Anne Ross meiner at Rosslandsguden er den næraste parallellen til figuren frå Caer-Went.
Det er ikkje kjent liknande steinhovud frå norsk område. I Glejbjerg og Bramminge på Jylland er det funne steinfigurar som kvar har tre ansikt. I Frankrike og Storbritannia er steinansikt vanlegare, særleg i tilknytning til den keltiske kulturen. Dei blir vanlegvis tolka som portrett av gudar eller symbol på guddommelege krefter. Store auge og lange, smale naser går igjen på fleire av figurane. Eit spesielt interessant funn er gjort i Caer-Went i Wales. Denne romerske byen vart rasert i 450 e.Kr., og steinhovudet funne her må vera eldre enn det. Den britiske forskaren Anne Ross meiner at Rosslandsguden er den næraste parallellen til figuren frå Caer-Went.


==Litteratur==
==Litteratur==

Sideversjonen fra 18. jun. 2008 kl. 07:51

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Rosslandsguden er eit steinhovud frå garden Rossland i Sokndal. Det vert vanlegvis datert til eldre jernalder, helst folkevandringstid. Sersjant Lars Rossland skal ha funne det 61 cm høge hovudet av lokal labradoritt i ei ur i første halvdel av 1700-talet. Seinare stod figuren i tunet på garden. Ifølgje tradisjonen tok mennene av seg hatten når dei passerte steinhovudet. Men ikkje alle hadde like stor vørnad for Rosslandsguden. Skadane på nasa skal koma av steinkasting. Figuren vart i 1910 seld til Dalane Folkemuseum for 5 kr.

Eit rikt fornminnemiljø

Garden Rossland og området kring utmerker seg med mange spennande fornminne. Her finst mellom anna ei rekkje gravhaugar, øydegarden Hustupto, skålgroper, bautasteinar og fallossteinar. Ein reist stein ved Kyrkjevegen med skålgrop i toppen har form som ein kuttekledd skapning, og blir kalla Gygro. På Haugen er ein svær stein kalla Skammelen lagt oppå to andre steinar. Skammelen er flat på oppsida, slik at ein her kan ha hatt ulike ting ståande. Dette er blitt tolka som eit alter og mogeleg førhistorisk kultplass eller horg. Det er interessant å merkja seg at Rosslandsguden vart funnen i ei ur under Haugen. I same ura låg også to steintrau, som kan ha vore eit blotkar. Både Rosslandsguden og steintraua kan ha stått på Haugen, for så seinare å ha blitt kasta ned i ura. Det er ut frå dette rimeleg at Haugen var ein stad der folk på Rossland og kanskje også nabogardar utøvde ein form for fruktbarheitskult. I nærleiken av Rossland førekjem svært mange stadnamn samansette med Frøy. Kanskje er det denne guden som er blitt dyrka på Haugen?

Spøk skapte forvirring kring dateringa

Dateringa av Rosslandsguden har vore omdiskutert. Dette skuldast ikkje minst at ein malarmeister i Stavanger i 1910 fortalte til Stavanger Aftenblad at det var oldefaren til kona hans som hadde laga figuren. Det vart raskt påvist at fleire av opplysningane som stod på trykk i avisa ikkje kunne vera korrekte. Son til malarmeisteren kom så til Dalane Folkemuseum i 1970-åra og opplyste at far hans hadde dikta opp historien for å ha det moro og skapa forvirring kring steinhovudet. Frå fagleg hald er det i seinare tid ikkje drege i tvil at Rosslandsguden verkeleg skriv seg frå jernalderen.

Utanlandske parallellar

Det er ikkje kjent liknande steinhovud frå norsk område. I Glejbjerg og Bramminge på Jylland er det funne steinfigurar som kvar har tre ansikt. I Frankrike og Storbritannia er steinansikt vanlegare, særleg i tilknytning til den keltiske kulturen. Dei blir vanlegvis tolka som portrett av gudar eller symbol på guddommelege krefter. Store auge og lange, smale naser går igjen på fleire av figurane. Eit spesielt interessant funn er gjort i Caer-Went i Wales. Denne romerske byen vart rasert i 450 e.Kr., og steinhovudet funne her må vera eldre enn det. Den britiske forskaren Anne Ross meiner at Rosslandsguden er den næraste parallellen til figuren frå Caer-Went.

Litteratur

  • Dahl, Barbro I.: De mytiske landskap - de rituelle landskap. Et eksempel fra Rossland i Sokndal kommune i Rogaland. Hovedoppgave i arkeologi. NTNU, 2003
  • Dahl, Barbro I.: Rosslandsguden - sentrum for lokalt engasjement i 100 år. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 2005
  • Lexow, Jan Hendrich: Rosslandsguden. Tillegg av Arvid Midbrød. I: Årbok for Dalane. Nr 10. 1992
  • Rosland, Lars: Rosland i Sokndal. Det gamle gårdssamfunnet. Eget forlag, 1984.