Rosslandsguden

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jun. 2008 kl. 14:00 av Frode (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Rosslandsguden er eit steinhovud frå garden Rossland i Sokndal. Det vert vanlegvis datert til eldre jernalder, helst folkevandringstid. Det var sersjant Lars Rossland som fann det 61 cm høge hovudet i ei ur i første halvdel av 1700-talet. Seinare stod figuren i tunet på garden, men vart i 1910 seld til Dalane Folkemuseum.

Eit rikt fornminnemiljø

Garden Rossland og området kring utmerker seg med mange spennande fornminne. Her finst mellom anna ei rekkje gravhaugar, øydegarden Hustupto, skålgroper, bautasteinar og fallossteinar. Ein reist stein ved Kyrkjevegen med skålgrop i toppen har form som ein kuttekledd skapning, og blir kalla Gygro. På Haugen er ein svær stein kalla Skammelen lagt oppå to andre steinar. Skammelen er flat på oppsida, slik at ein her kan ha hatt ulike ting ståande. Dette er blitt tolka som eit alter og mogeleg førhistorisk kultplass eller horg. Det er interessant å merkja seg at Rosslandsguden vart funnen i ei ur under Haugen. Opphavleg har steinfiguren truleg stått på Haugen. I same ura låg også eit steintrau, som kan ha vore eit blotkar. Det er ut frå dette rimeleg at Haugen har vore ein stad der folk på Rossland og kanskje også nabogardar utøvde ein form for fruktbarheitkult. I nærleiken av Rossland førekjem svært mange stadnamn samansette med Frøy. Kanskje er det denne guden som er blitt dyrka på Haugen?

Utanlandske paralellar