Runebomme: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Arktikum i Rovaniemi Runebomme.jpg|Runebomme i muséet Arktikum i Rovaniemi i Finland.}}</onlyinclude> [[Image:Carl Linnaeus i samiske klede.jpg|thumb|Den s...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
<onlyinclude>{{thumb|Arktikum i Rovaniemi Runebomme.jpg|Runebomme i muséet [[Arktikum]] i [[Rovaniemi]] i [[Finland]].}}</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Arktikum i Rovaniemi Runebomme.jpg|Runebomme i muséet [[Arktikum]] i [[Rovaniemi]] i [[Finland]].}}</onlyinclude>
[[Image:Carl Linnaeus i samiske klede.jpg|thumb|Den svenske botanikaren [[Carl von Linné]] i [[samedrakt]] og med runebomme etter reisa si til [[Lappland]]. Illustrasjonen er basert på eit måleri frå [[1737]].]]
[[Image:Carl Linnaeus i samiske klede.jpg|thumb|Den svenske botanikaren [[Carl von Linné]] i [[samedrakt]] og med runebomme etter reisa si til [[Lappland]]. Illustrasjonen er basert på eit måleri frå [[1737]].]]

Sideversjonen fra 30. okt. 2009 kl. 13:21

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Runebomme i muséet Arktikum i Rovaniemi i Finland.
Den svenske botanikaren Carl von Linné i samedrakt og med runebomme etter reisa si til Lappland. Illustrasjonen er basert på eit måleri frå 1737.
Samisk sjaman frå 1700-talet med si «magiske» runebomme. Illustrasjon frå Knud Leem si bok Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse utgjeven i København i 1767. Bildet er utført som koparstikk i Firenze etter «levande teikningar» av Leem sjølv.

Ei runebomme eller trolltromme er eit samisk musikkinstrument bruka i samband med sjamanisme og til akkompagnement av joik. Runebomma blir halden med eine handa og består av eit dekorert reinskinn spent på ei ramme. Noaiden, den samiske sjamanen, slår på runebomma med ein karakteristisk T-forma hammar av reinhorn, og ein «visar» forma som ein ring, ein trekant eller ein frosk.

Frå Noreg finst det berre tre kjente originaleksemplar att, ettersom dei fleste vart øydelagde da samisk kultur vart undertrykt i tidlegare tider. Desse tre er:

  1. (71) Skåltromme etter Anders Paulsen — konfiskert frå den 100-år gamle samen Anders Paulsen på tinget i Vadsø i 1691, sidan 1979 oppbevart i dei samiske samlingane i Karasjok. (Ein kopi er utstilt på Kulturhistorisk avdeling ved Oslo Museum.)
  2. (30) Ei sørsamisk rammetromme, først nemnt i 1727, som finst ved Meininger Museen i Meiningen i Thüringen i Tyskland.
  3. (12) Ein sørsamisk rammetromme, først nemnt i 1779, som finst ved Vitenskapsmuséet i Trondheim.


Dessutan veit vi om desse trommefragmenta frå Noreg:

  1. (80) Ei trommeskål (utan skinn) frå lulesamisk område som finst ved Kulturhistorisk museum i Oslo.
  2. Ei vinkelramme utan skinn frå Bjørsvik i Steigen kommune i Salten som finst ved Salten museum.
  3. Ei ramme utan skinn og med tilbehør frå Nærøy kommune i Namdalen, først nemnt i 1979, no på Vitenskapsmuseet i Trondheim.
  4. Ei ramme med skinnfragment frå Henriksdalen på Helgeland, først nemnt i 1969, no på Velfjord bygdemuseum på Hommelstø.
  5. Eit rammefragment frå Bindalen, no på Kulturhistorisk museum i Oslo.
  6. Ei ramme utan skinn og med tilbehør frå Visten i Vevelstad kommuneHelgeland, først nemnt i 1997, no på Vitenskapsmuseet i Trondheim.
  7. Tilbehør frå Jomafjellet på grensMal:Å mellom Røyrvik kommune og Lierne kommune inst i Namdalen, no på Kulturhistorisk museum i Oslo.
  8. Tilbehør frå ukjent stad, no på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Namnet

samiske språk finst det ulike namn på tromma: Gievrie er det sørsamiske ordet. På pitesamisk heiter tromma gåbdis, på lulesamisk goabdes og på nordsamisk heiter ho anten goavddis/goabdis eller meavresgárri. Det austsamiske namnet er kyömdes.

De skandinaviske namna inkluderer runebomme (nynorsk/bokmål), ceremonitrumma (svensk). Nokre gonger blir òg ordet trolltromme (norsk) eller trolltrumma (svensk) bruka, og i nyare tid blir ofte òg ordet sjamantromme bruka.

Tidlege skildringar

Historia Norwegiae (truleg kring 1220)

Tunc quidam magus extenso panno, sub quo se ad profanas ueneficas incantaciones prepararet, quoddam uasculum ad modum taratantarorum sursum erectis manibus extulit, cetinis atque ceruinis formulis cum loris et ondriolis nauicula eciam cum remis occupatum, quibus uehiculis per alta niuium et deuexa moncium uel profunda stagnorum ille diabolicus gandus uteretur.[1]

[Ordrett omsetjing: Dermed spreidde [ein] trollmann utover eit klede, under dette han seg til heidenske inkantasjonar bereidde; så [eit] lite kar med form som eit såld han løfta [med] handom i vêret; kvalar så vel som hjortedyr utstyrt med grei, og ski, ein liten båt, endatil, med årar — fylte opp [karet]; — som var kjørbørnar for [å fara] over snøen og nedetter lier eller djupe vatn [som] denne gand-djevelen ville bruke.]