Runesteinar i Bygland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Runesteinar i Bygland kommune. Det er kjend tre runeinnskrifter i Bygland kommune, nedanfor oppførd etter funnstaden:

1) Årdal kyrkje. Steinen står idag oppreist på kyrkjegarden attmed riksvegen, men vart funnen i trappa til sakristiet. Teksten som kan lesast i dag lyder: Gud hjelpe sjela til .... . Alder: Ikkje yngre enn 1100-talet

2) Bygland prestegard. Steinen vart avbilda i 1639 av biskop i Stavanger stift Thomas Wegner, og hadde då vore innmura i ein skorstein – ukjent kvar han vart av sidan. Truleg kom han opphaveleg frå kyrkjegarden. Teksten lyder: Gud hjelpe sjela til Magnhild.

3) Bygland prestegard. Også denne hadde vore innmura i skorstein og låg som dørhelle då han vart avbilda i 1639. Steinen er nå bortkomen. Teksten er tolka som: Torleiv Stålason reiste stein etter Olav Erlendson på Bygland. Farsnamnet Erlend og uttrykksmåten Olav Erlendson på Bygland har blitt tolka som teikn på at Olav Erlendson hadde vore ein mann med betydeleg posisjon i regionen. Alder: Ikkje yngre enn ca 1050.

Kjelde

  • Olsen, Magnus: Norges innskrifter med de yngre runer bind 3, utg. for Kjeldeskriftfondet, Oslo 1954.