Rygjasau

Rygjasau eller rygja er ein sauerase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja.

Historie

Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse sauerasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært ueinsarta sauebestand i Rogaland. I det sterke sauemiljøet i området var det blitt utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse for å ha ein rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart viste på sauesjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvalt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.


  Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Rygjasau» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.