Sørsamar: Forskjell mellom sideversjoner
(→Språk) |
|||
Linje 10: | Linje 10: | ||
== Byggjeskikk == | == Byggjeskikk == | ||
{{thumb|28375 Ankarede - gaaetie.jpg|Sørsamisk ''[[gåetie]]'' i [[Ankarede]].|Olve Utne}} | {{thumb|28375 Ankarede - gaaetie.jpg|Sørsamisk ''[[gåetie]]'' i [[Ankarede]].|Olve Utne}} | ||
Det mest særprega i den sørsamiske byggjeskikken er at veggene i bogestongskåta går opp i ein spiss heller enn i ein kuppel slik som vi typisk ser det i nordsamiske [[gamme|gammar]]. | |||
{{thumb|Sami Storehouse.jpg|Sørsamisk ''[[buvrie]]'' på Skansen i Stockholm.|M. Prinke}} | {{thumb|Sami Storehouse.jpg|Sørsamisk ''[[buvrie]]'' på Skansen i Stockholm.|M. Prinke}} | ||
Sideversjonen fra 30. okt. 2012 kl. 18:56
Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie: det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjelder om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde før på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over historiske kjelder — i form av både skriftlige dokument og arkeologiske funn — har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.
Språk
- Sjå òg sørsamisk.
Sørsamisk språk skil seg ut frå dei samiske nabospråka ved eit konservativt konsonantsystem, inkludert bevarte nasalar i utlyd, og mangel av stadieveksling. Vokalsystemet er prega av eit omfattande omlydssystem. I ordskatten utmerkjer sørsamisk seg med eit stort antal lånord frå urnordisk.
Arkeologi
Byggjeskikk
Det mest særprega i den sørsamiske byggjeskikken er at veggene i bogestongskåta går opp i ein spiss heller enn i ein kuppel slik som vi typisk ser det i nordsamiske gammar.