Sørsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Viehtjere (‘runebommehammar’) frå Nordset i Rendalen, datert til kring 1160–1260 evt.

Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande hovudsyn på sørsamisk historie.