Sørsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Viehtjere (‘runebommehammar’) frå Rendalen i Østerdalen, datert til kring 1160–1260 evt.

Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie — det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjelder om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde før på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over skriftlige og arkeologiske kjelder har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.

Språk

Sjå òg sørsamisk.

Sørsamisk språk skil seg ut frå dei samiske nabospråka ved eit konservativt konsonantsystem, inkludert bevarte nasalar i utlyd, og mangel av stadieveksling. Vokalsystemet er prega av eit omfattande omlydssystem. I ordskatten utmerkjer sørsamisk seg med eit stort antal lånord frå urnordisk.

Arkeologi

Byggjeskikk

Religion

Musikk