Sørvestlandsbåtar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sørvestlandsbåter»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oselvar med sprisegl under kappseglas på Råseglseminaret 2015 i Valsøyfjorden i Heim.
Foto: Olve Utne

Sørvestlandsbåtane er dei tradisjonelle opne båtane frå Midthordland til Rogaland. Dei skil seg frå midtvestlandsbåtane først og fremst ved mindre spring; meir avrunda skrogform, ofte særleg breie bordgangar med ripbord som er nokolunde jambreitt frå stamn til stamn; esingen øvst på ripbordet som gav feste til toppfesta keipar eller tollegangar. Dei var frå gammalt av stort sett rigga med symmetrisk råsegl, men frå kring 1870 òg med sprisegl. Hovudtypane av sørvestlandsbåtar er, med ei blanding av geografiske og historiske inndelingar, rogalandsbåt, oselvar, strilebåt, hardingbåt og strandebarmar. Dessutan er «listabåten» med sine seinare avleggarar langs kysten nordover resultat av eit kompromiss mellom sørvestlandsbåtane og dei austnorske båtane.

Kjelder

Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring : ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. (Norske båtar; b. V.) Oslo : Grøndahl & søn forlag AS, 1987, ISBN 82-504-0857-8