Sagelva (Lesja)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
På amtskartet kan vi tydeleg sjå Sagelva vest for Stuguflotten, Nystugu og Jernlokobakken.

Sagelva er namnet på eit konstruert vassdrag heilt vest i Lesja kommune. Det går ut frå Asbjørnsåe vest for Rånåkollen og renn ut i Ulvåa på fylkesgrensa mot Møre og Romsdal. På amtskartet frå 1845-51 kan vi tydeleg sjå elva innteikna.

Vassdraget vart truleg grave ut i samband med oppbygging av sagbruk i regi av Lesja jernverk sist på 1600- eller fyrst på 1700-talet og var i bruk til ordinær sagdrift av Brøstsaga fram til 1959. I åra etter 1999 er Sagelva Vasskraftsenter bygd ut i nedste del av elva.

Litteratur