Sagelva Vasskraftsenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt ved innkøyringa.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet.

Senteret i ein større samanheng

Under omvisingar prøver ein gjerne, etter å ha vurdert tilhøyrarane, å plassere anlegga i senteret i ein større historisk samanheng. Da kan ein gå tilbake til den perioden der folketalet i Noreg var på det lågaste, først på 1500-talet, der det ikkje budde fleire enn mellom 150.000 og 180.000 menneske i heile landet (dei noverande grensene)[1]. Folketalet hadde stupt drastisk etter Svartedauden, gamal dyrka mark hadde grodd att i alle fall i utkantstrøk og fjellbygder som Lesjaskogen var sannsynlegvis heilt fråflytt.

Da voks skogen opp ikkje berre i innlandet, men òg langs heile kysten stod tømmeret på rot heilt ned i fjøresteinane.

I denne perioden skjedde det òg store endringar i økonomi og befolkning særleg i Nordvest-Europa. Spania og Portugal hadde starta utforskinga av «den nye verda», og England, Skottland og Nederlanda følgde etter med raskt aukane urbanisering. Denne utviklinga kravde byggematerial, og dermed vart det norske tømmeret ei lett tilgjengeleg og ettertrakta vare. Prosessen starta kanskje med den såkalla skottehandelen, som utvikla seg vidare langs kysten både aust- og nordover.

Denne handelen med norsk trelast var avhengig av ein teknologiske nyvinning, oppgangssaga, for i alle fall langs mesteparten av kysten var det lett tilgjengelege kraftkjelder i form av vassdrag; elver og åer, som kunne drive den nye, effektive teknologien. Desse kan godt vere heilt eller delvis kunstige, og det er mange som har namnet Sagelva rundt om i landet.

Framveksten av saganlegget

Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for Lesja jernverk kring 1720. Jernverkseigaren, Reinholdt Ziegler, bad i alle fall i 1721 om eit tingsvitne som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden Stuguflotten.[2] Her spurte Ziegler «tilstædeværende Almue, saa vel og udi Særdeleshed af opsidderne paa Raanaa, Bjørlien og Enneboe» om 1) om dei skogstrekningane som høyrde til Rånå, Stuguflotten og Bjorlie, men som ligg i sirkumferensen til verket, var brukbare til verkets bruk som trekol eller setteved, og 2) om denne skogen på annan måte enn ved å bli levert til den saga som alt stod på Stuguflotten kan kome Kongen eller oppsitjarane til nytte. Til dette svarte 'bøndene' nei, vegen frå desse skogstrekingane til verket var så lang og «besværlig» at det ikkje var råd å frakte trekol eller setteved dit, og at skogen som dei tre gardane åtte «af ælde og Vind omfalder og forraadner» slik det var, viss dei ikkje fekk høve til å «imot billig betalning» fekk levere tømmer til eigaren av saga på Stuguflotten.

Ziegler hadde i 1719 bygsla halve Stuguflotten av eigaren, som var Oslo Hospital etter skøyte frå den tidlegare jernverkseigaren Jørgen Fillipsen. Det er ikkje usannsynleg at verkseigaren bygsla garden nettopp av omsyn til den saga som ifølgje tingsvitnet alt stod på garden.

Det er usikkert om eller i kva grad det var sagbruk ved Sagelva her i tida etter at jernverket vart nedlagt først på 1800-talet til kring 1870, da eigarane av Stuguflotten, Nystugu og Ner-Brøste gjekk saman om å bygge oppgangsag. I 1917 overtok brukaren i Ner-Brøste, Ola K. Brøste, endra til sirkelsagteknologi[3] og bygde Brøstsaga.

Dei enkelte delane i senteret

Sirkelsaga

Sirkelsaga som står nå er ein rekonstruksjon av Brøstsaga slik ho var i 1934. Rekonstruksjonen starta i 1999 og var ferdig i 2002. Ho har to sagblad. Det største blir kalla bakblad og blir brukt il å fjerne bakhonen frå stokken. Det andre blir kalla bordblad og blir brukt til å sage plank og boks. Under arbeidet med fundamentet ved elva fann dei fire gamle 30-40 kg tunge lager av stein, der ein kan sjå spor etter oppheng for aksling. Desse lagera er nok frå det gamle saganlegget og står nå ved oppgangssaga.

Oppgangssaga

Oppgangssaga er ein kopi med undervasshjul, oppsett i 2008. Den demonstrerer det kanskje viktigaste industrielle gjennombrotet i Noreg i eldre tid, da den kom i bruk tidleg på 1500-talet og førte til omfattande uthogging av tømmerskogen særleg langs kysten. Oppgangssaga var óg svært viktig for sagbruksindustrien, som fekk stor betydning særleg på Austlandet i dei følgjande hundreåra. Plasseringa her er utanom det gamle anlegget, men vatnet blir henta frå Sagelva. Med undervasshjul er det farten på vatnet som driv maskineriet, og det er prinsippet på alle anlegga her bortsett frå stampa.

Tradisjonell gardskvern

Kverna i senteret er oppsett på same stad som det har vore kvern tidlegare. På ein av dei gamle steinane som vart funne her står årstalet 1704. Kverna som står nå, er kopi av ei tradisjonell gards- eller bekkekverna med liggande kvernkall og kvernstein frå Brufossen mølle i Øverdalen, opphavleg frå Selbu. Det daglege brød var eit sentralt element i det gamle jordbrukssamfunnet. Denne teknologien vi ser her, med vasskraft og større kvernsteinar, avløyste den meir arbeidskrevjande handkverna, som ein kan sjå ein modell av i kafeen.

Illegal kvern frå andre verdskrig

Denne kverna er rekonstruert slik ho såg ut i 1942, med elektrisk motor. Ho vart da montert i skjul på Stuguflotten og brukt til ulovleg og straffbar maling av korn så lenge krigen varte. Opphavet til kvernsteinane er ukjent, men dei kan ha vore frå ei eldre kvern på same staden.

Stampa

Denne tøy- eller vadmelsstampa er og oppsett på same stad som det har stått same slag anlegg før, truleg frå midten av 1800-talet. Kopien i senteret har fire stokkar og overvasshjul. I slike stamper behandla ein ull ved at taggane på akslingen løfta stokkane og slapp dei ned att i trauet, der det vevde ullstoffet låg og valka det samal til vadmel. I anlegg med overvasshjul var det tyngda på vatnet i skovlane som overførte energi til maskineriet.

Kol- og tjærebrenningsanlegget

Kol- og tjærebrenningsanlegget viser òg ei gamal form for ressursutnytting, ikkje direkte med vasskraft (men anlegget her har vasskjøling på terpentinuttaket). I anlegget fyller ein på feitved kløyvd i små bitar, og produserer i løpet av 8-10 timar både terpentin og ca. 16-17 liter tjære. Tjære var ein viktig ressurs i Lesja, for etterspurnaden var stor nede ved kysten, der særleg båtar og bygg av treverk trong tjære til impregnering.

Kunstig kanalsystem med nåledammar

Drifta av dei ymse delane av senteret blir styrt gjennom eit kanalsystem med fleire vassrenner, den største på 40 m lengde og med 6,6 m fall. Systemet har den gamle metoden med fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet. Det blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum. Nålene er av plank med forskjellig breidde for justering av vasstrykket mot sagene og kvernene.

Moderne minikraftverk

Ovanfor anlegget ligg eit moderne minikraftverk, bygd i 2006 med ein maksimumsproduksjon på 640 kW. Det er nok til 160-170 husstandar. Verket får vatn gjennom ei røyrgate frå øvste del av Sagelva, dre trykkrøyret har eit fall på 110 meter. Vatnet renn ut frå kraftverket og tilbake i Sagelva før resten av anlegga. Når senteret er ope får publikum òg sjå inne på kraftverket.

Industribygget

Nedst ved elva ligg det eit verkstadbygg som inneheld ymse vassdrivne maskiner og reiskap frå siste fase før den elektriske krafta kunne utnyttast i lokal næringsverksemnd frå 1950- eller 60-talet. Her finn ein mellom anna finare sager, vassdriven høvel, aksling frå Tråsådalsbruket i Lesja og mykje meir.

Forsamlingshuset

Dei sentrale delane av bygget som står ved innkøyringa til senteret er Rødstøl bedehus, opphavleg bygd nede i Øverdalen i 1914 og gjeve til kulturlaget i 2010. I 2013 vart det flytta til nåverande plassering, der det har fått påbygg med sanitærrom og lager. Her er det kafe-servering når senteret er ope.

Kjelder

  • Oppslag ved anlegget og brosjyre 2009
  • Heimesida for anlegget
  • Brøste, Knut 1985; Gamlesaga. I Brøste, Steinar m.fl. (red.): Slektsskrift for Brøste-slekten fra Rauma i Romsdal side 52-53.
  • Kylling, Asmund 2006: Brøstsaga i Lesja. Utvikling frå 1870. Treteknisk Informasjon nr 1 side 31-34.
  • Ymse informasjon frå karane som har vore med på rekonstruksjonsarbeidet

Referansar

  1. Lunden, Kåre 2002: Norges landbrukshistorie II. 1350-1814. Frå svartedauden til 17. mai, side 122.
  2. Frå SAH, Sorenskriverier i Gudbrandsdalen, G/Gb/Gbc/L0008: Tingbok - Nord- og Sør-Gudbrandsdal, 1720-1722, fol. 48ab
  3. Jf. Store norsk leksikon

Bilde frå vasskraftsenteret

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø