Sakarias Ansok

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. aug. 2018 kl. 12:12 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr, foreldre)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sakarias Ansok (fødd 1898, død 1986) var lokalhistorikar og gardbrukar født på Stranda.

Sakarias Ansok var fødd og oppvaksen på garden Ansok ved Storfjorden, og var son av gardbrukar Jørgen Bendik Nilsson Ansok (f. 1866) og Anna Johansdotter Ansok (f. 1871). Medan garden Ansok fekk bilveg i 1953 opplevde Sakarias Ansok samstundes at mange av fjell- og strandgardane på Indre Sunnmøre blei fråflytt. Gjennom intervju med dei siste brukarane av desse gardane dokumenterte Ansok natur, miljø og menneskja som livnærte seg på dei fråflytte bustadane. Ansoks arbeid med å samle miljø og menneskeskildringane kom etter initiativ frå redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten. Den første artikkelen publiserte Ansok i Sunnmørsposten i 1965 og totalt har han skrive meir enn 60 artiklar i Sunnmørsposten og lokalavisa Sunnmørigen. Artiklane blei etterkvart samla, omarbeidd og utgjeve i tre bøker.

Sakarias Ansok har fått følgjande utmerkingar for sitt historiske arbeid:

  • 1976: Fylkeskulturprisen frå Møre og Romsdal fylke.
  • 1982: Heidersmedlem i Storfjordens Venner.
  • 1983: Kulturprisen frå Stranda kommune

Bibliografi

Bibliografien syner berre hovudverka

  • Ansok, Sakarias, 1970, 1977, 1985. Eld som slokna: artiklar om fråflytte fjell- og strandgardar ved Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden .
  • Ansok, Sakarias, 1977. Far etter folk.
  • Ansok, Sakarias, 1980. Menneske vi møtte : artiklar og miljøskildringar.

Kjelder