Saltværing: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Tilbakestilte endring av Cnyborg (diskusjon · blokker) til siste versjon av Olve Utne)
m (herkat)
Linje 60: Linje 60:


[[kategori:Salten|*]]
[[kategori:Salten|*]]
[[kategori:norske dialekter]]
[[kategori:dialekter]]

Sideversjonen fra 1. aug. 2008 kl. 12:45

Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet i Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.

Lydverk

Konsonantar

Dialekten har tjukk l av historisk l, men med ein del unntak lengst nord i Salten. Den tjukke l-en blir uttala som ein retrofleks flapp dei fleste stadene, men ofte som ein retrofleks lateral i Bodø. (I Moskenes kommune i Lofoten, rett over Vestfjorden frå Bodø, finst elles ein liknande l, men der uttala som ein alveolopalatal lateral.) Historisk blir uttala som r i heile Salten. Konsonantsambanda nd og ld er assimilerte til nn og ll, og alle desse får palatalisert uttale i trykksterk posisjon.

Vokalar

Det er utstrakt apokope i dialekten. Historisk a-ending i infinitiv og i ubunden form eintal av svake hokjønnsord har falle bort (å fe’sk, å gjæ’r, ei vi’s, ei ve’kk). Historisk i/u-ending, inkludert føre historisk -t og -r, har òg falle bort i dei fleste falla (ikkj’ (‘ikkje’), enn o’ks, på ta’k (‘på taket’), ma’ng søu’ (‘mange sauer’), ma’ng bø’tt (‘mange bytter’)). Bortfallet er ikkje bestemt av jamvektsregelen slik ein ser det i austnorsk, men finn stad både etter historisk korte og historisk lange stavingar.

Prosodi

I typisk saltværing skil ein mellom tonem 1 og tonem 2 av fleirstavingsord på liknande vis som i dei fleste andre norske dialektane. Det same skiljet finn ein i einstavingsord — der tonem 2 som hovudregel blir bruka i ord med apokope. Vi får dermed minimale par som tak (‘tak’) / ta’k (taket) og søu (‘sau’) / søu’ (‘sauer’). Stadnamn med apokope og tonem 2 inkluderer Fauske, som tradisjonelt blir uttala Føu’sk.

I og nærme Bodø er det noko ustøheit i tonelaga, og ein del menneske ser ut til å mangle skilnaden mellom tonem 1 og tonem 2.

Formverk

Pronomen og adverb

Av pronomena og adverba er å merke seg:

  • é, (eg, meg)
  • hån (han)
  • da (det)
  • denn / 'dann
  • hér å dar (her og der)

Substantiv

Hankjønnsord

Hokjønnsord

Det er skilje mellom sterke og linne (svake) hokjønnsord i bunden form eintal: e bók / dann bókja; e ví’s / dann víso. A-endingane spreier seg i yngre mål. Ubunde fleirtal av hokjønnsord er oftast apokopert: en søu / tó søu’; e bø’tt / tó bø’tt.

Konsonantstammar får gjerne -er i ubunde fleirtal, og endatil -ern i bunde fleirtal: bǿker, bǿkern.

Inkjekjønnsord

Verb

Syntaks

Dativ

Det finst dokumentert enkelte dativformer i eldre saltværing. Slik finn ein t.d. den gamle dativforma Loffota i eldre mål nokre stader. I vår tid er dativen likevel heilt borte i saltværing anna enn som relikt i visse uttrykk og i enkelte fall som stivna dativformer i stadnamn. Den mest kjente stivna dativforma er nok sjølve forma Salten — som opprinneleg er dativforma av det gamle landskapsnamnet, Salta.

Bymål

Bodø

Bymålet i Bodø skil seg ut frå vanleg saltværing på fleire vis. Det mest hørbare skiljet er nok at bodødialekten har vesentleg mindre apokope. Elles kan nemnast bruken av formene æ/ (for é/), me (for , ‘med’), nu (for no), ikke eller ikkje (for ikkj(e)), de (for da', ‘det’) og hær å dær (for hér å dar).

Fauske

Endringstendensar i moderne saltværing

Kjelder

Beito, Olav T.: Norske målføretekster. (Skrifter frå Norsk målførearkiv: XVIII) Oslo (Universitetsforlaget), 1973. Kolsrud, Sigurd: Nynorsken i sine målføre. Oslo (Universitetsforlaget), 1974. ISBN 82-00-01371-5. Mal:Portal