Samisk avdeling, Sverresborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Samisk avdeling. Vi ser sommarkåta frå Majavatn i forgrunnen, vinterkåta frå Elgå midt i bakgrunnen, og njallen frå Verrafjella i skråninga til høgre.
Foto: Olve Utne (februar 2014).

Samisk avdelingTrøndelag folkemuseum sitt friluftsmuseum på Sverresborg i Trondheim kommune vart etablert i 1930 som ei av dei første samiske avdelingane på norske museum. Bygningane, som alle trulig vart bygd på 1800-talet i det sørsamiske kulturområdet, inkluderer ein to-beint njalle frå Guhkiesjaevrie (Langvatnet) i VerrafjellaFosenhalvøya, attreist her i 1933; ei giesiegåetie (sommarkåte) frå Maajehjaevrie (Majavatn) på Sør-Helgeland og ei daelviegåetie (vinterkåte) frå Elgå ved Femunden, begge attreist her i 1934; og eit buvrie frå Bjønnheia i Vetterhusbotn i Namdalen, attreist her i 1935. Avdelinga har vore mykje bruka til kulturformidling til skule- og barnehagegrupper. Avdelinga var i 2016 under demontering for å gjera klar den nye samiske avdelinga til Tråante 2017 — det samiske 100-årsjubileet for det første store samemøtet, som fann stad i Trondheim.

Galleri

Kjelder