Samiske dyrenamn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Villrein på Island. Samiske språk har eit eige ord for villrein. På sørsamisk er det gedtie — eit fellessamisk ord med slektningar i Mongolia og Sibir. Tamrein heiter derimot bovtse, som er eit lånord frå indoiransk og i slekt med latinsk pecu og norsk fe.

Samiske dyrenamn har, som samiske språk generelt, hovudsaklig grunnlag i det uralske grunnspråket. Det har òg vorte lånt ord frå germanske språk, og enkelte ord har vorte lånt frå samisk til germansk. Ein del ord har fått tydingsforskyving.

Samiske grunnord

Miesie

Tjïermehke

Aaltoe

Gedtie

Sørsamisk gedtie tyder 'villrein, forvilla rein'. På umesamisk er det gåddie; på pitesamisk og lulesamisk gådde; på nordsamisk goddi; på akkalasamisk kont; på vestmansi khunnä; og på rekonstruert proto-uralsk *kunta. Ordet heng trulig saman med mongolsk kanda- og evensk kõndõ.

Sarva

sørsamisk tyder sarva (servies-) 'reinokse, grarein' og sarve tyder 'elg'. Finsk hirvi tyder òg 'elg', medan hirvas tyder 'reinokse'. Ordet er trulig lånt frå baltiske språk, jf. gammalprøyssisk sirwis, som i sin tur har same opphavet som norsk horn. På finsk tyder saksanhirvi (eig. 'tysk elg') hjort, og det avleidde ordet hirvieläimet blir bruka i tydinga hjortedyr. På sørsamisk har ordet vorte overført vidare, og sørsamisk sïrve tyder 'sau'.

Hierkie

Bovtse