Samla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Samla er eit samarbeid mellom Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, Norsk etnologisk gransking ved Stiftinga Norsk Folkemuseum og Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen om å digitalisere og gjere tilgjengeleg arkivmaterialet frå dei tre tradisjonsarkiva. Arkiva inneheld eit mangfald av kulturelle uttrykk og praksisar, der både majoritets- og minoritetskulturar er representert.

Arkivmaterialet vert publisert på Samla sin eigen nettstad. Medarbeidarane i prosjektet legg også ut informasjon om samlingar, samlarar, tradisjonsbærarar og annan kontekst på Lokalhistoriewiki.

Prosjektet skal gå frå 2020 til 2024. Det er finansiert av Norges forskningsråd og er del av Norsk veikart til forskningsinfrastruktur.

Kjelder og litteratur

  • Om Samla på nettstaden deira, besøkt 19. august 2022