Samnanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Samnanger
1242 Samnanger komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1242
Fylke Hordaland
Kommunesenter Tysse
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Samnanger kommune ligg inst i Samnangerfjorden, med Bergen i vest, Voss og Vaksdal i nord, Kvam i aust og Os og Fusa i sør. Samnanger har dokumentert historie tilbake til eldre steinalder. Det har vore drive jordbruk, småhandtverk, jakt og fiske, og handelen med Bergen har vore livleg. På 1600-talet var det mykje handel med Skottland.

I moderne tid har vasskrafta hatt mykje å seie. Sist på 1800-talet starta Samnanger Ullvarefabrikk med kraft frå Tyssefossen. Fabrikken brann til grunnen i 1931. I 1941 bygde SAFA ny ullvarefabrikk på barnntomta og har seinare vore ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. Safa er den einaste fabrikken i sitt slag som har greidd konkurransen og er i full drift i Norge. Tidleg på 1900-talet bygde Bergen lysverker ut Samnangervassdraget, etter initiativ frå m.a. O. W. Fasting og Christian Michelsen. Vassdraget leverar no omlag 20 % av vasskrafta til Bergen kommune, og står igjen foran ei større utbyggjing.