Samtale:Skulestaden Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jun. 2009 kl. 06:47 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Takk for ypparleg artikkel! Eg undrast på om den ikkje også burde omfatte fleire skuleslag. I Norsk allkunnebok bd. 10 (1964) er det under Volda oppramsa ved sida av lærarskulen "gymnas,...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Takk for ypparleg artikkel! Eg undrast på om den ikkje også burde omfatte fleire skuleslag. I Norsk allkunnebok bd. 10 (1964) er det under Volda oppramsa ved sida av lærarskulen "gymnas, handelsgymnas, realskule, yrkesskule for handel og kontor, lærlingskule og hjelpepleiarskule". Det var vel konsentrasjonen av mange skular som særleg rettferdiggjer nemninga "skulestaden Volda". Høver det inn? Og finn du i tilfelle sjølv tid til å supplere, Arnfinn? Er det andre som føler seg kalla? Sjølv kunne eg tenkt meg å gjere eit forsøk, men får iallfall ikkje gjort det før på lenge. Far min gjekk på Lars Løvolds handelsgymnas (?) i 1930-åra, og eg veit at "skulestaden Volda" representerte noko av det lykkelegaste i hans ungdomstid. Men reint bortsett frå denne personlege sentimentaliteten er jo emnet uhyre viktig i lokalhistorisk, generelt kulturhistorisk og rikshistorisk samanheng. --Hans P. Hosar 4. jun 2009 kl. 08:47 (CEST)