Sandsøy og Voksa sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Sandsøy og Voksa sogelag er eit historielag i Sande kommuneSunnmøre. Laget, som vart stifta 26. april 1993, driv Breidablik bygdemuseum. Sogelaget «har til oppgåve å samle og ta vare på bruksting, bilete, skrifter og anna frå farne tider, som kan gje kunnskap om kultur, folkeliv, næringsliv og anna i lokalmiljøet. Oppgåva kan også omfatte vern av tun og bygningar med innbu dersom tilhøva ligg til rette for det. Formålet er å gjere samlinga/-ane tilgjengelege for publikum ved permanent utstilling i eigna lokale, eller separate utstillingar i særskilde høve».

I 2019 var det om lag 120 betalande medlemmer. Utviklinga har vore stabil.

Leiarar

  • Martha Strømsne
  • Peder Eltvik
  • Ragnhild Våge
  • Dagfinn Bringsvor
  • Svanhild Bringsvor
  • Oddvin Rusten

Hovudaktivitetar

Laget overtok eit gamalt skulehus i 1999. Dette vert nytta til museum der innsamla ting vert lagra/utstilt. Drifta av dette museet kostar ein del, og mykje av tida går med til å skaffe midlar til drift.

I den seinare tid har innsamling av eldre foto utgjort ein stor del av aktiviteten. Laget har også kjøpt audiovisuelt utstyr slik at desse bileta kan lagrast digitalt og visast fram på ulike tilstellingar. Fotosamlinga er lagra lokalt og er ikkje tigjengeleg på nett.

Publikasjonar

Laget gir ut ein kalender kvart år. Eit utval av innsamla bilete vert nytta i denne kalenderen og gjer den til ei populær julegave.

Kjelder

  • Breidablik bygdemuseum på Opplev Sandsøya (død lenkje pr. 2021).
  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer