Sara Oust

Sara Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein av dei tidlege haugianske lekpredikantane i landet. Ho blir omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane. [1] Etternamnet blir somme stader skrive Ousten. «Oust» er venteleg ei forvansking av aust (øst) og brukt som orienteringsnemning på eit av fleire gardsbruk med same namn.[2]

Sara vaks opp på garden Ousta (Øststua) til høgre.
Foto: Per Magne Grue (1965).

Bakgrunn og familie

Foreldra hennar var Engebret (Embret) Engebretsen Vingelen (1755-1785) og Mari Persdotter Røe (Gammelstu) (ca 1745–1834). Dei var «Fæstefolk» (forlova) da dei fekk Sara.[3] Engebret og Mari var gardbrukarar i Ousta (Vingelen østre, gnr. 10/33). Sara hadde ei yngre syster, Ingrid (1782-1852). Faren døydde da jentene var sju og tre år gamle. Det var ikkje lett for enkja å drive garden aleine, og som det heiter i bygdeboka: «Dei to unge døtrene fekk tidleg røyne seg på karsida, og båe to var ofte med ute i ferdesvegen».[4] Da systrene vart store nok til det, måtte dei vere med på leigekøyring til koparverket på Røros.[5].

I 1789 gifta mora seg oppatt med den tjue år yngre drengen sin, Torger Persen Vetlgjelta (1765-1817).[6] I folketeljinga 1801[7] bur systrene Sara og Ingrid saman med mora og stefaren i Ousta.

Sara Oust gifta seg den 26. juli 1805 med gardbrukar Ola Toresen Røe (Utistuhaugen) (1776–1862) (i vigselsinnførsla i kyrkjeboka er båe oppførde med etternamnet Røe)[8] Også foreldra hans var gardbrukarar i Vingelen, Tore Knutsson Haugen (1732–93) og Ingeborg Olsdotter Nyhus (1737–1822).

Sara og Ola fekk tre døtrer, Mari (1812-1813), Ingeborg (f. 1817) og Mari (1818-1881).

Da mor til Sara gifta seg på nytt, vart halve Ousta frådelt. Sara og Ola bygde opp det nye bruket Oust (Vingelen søndre, gnr. 10/32). I daglegtale heiter garden Oustutrøa. Mor til Sara skal ha enda på legd.[9]

Forkynningsverksemda

Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre. [10] I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane i bygda. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil alvorleg psykisk sjukdom.[11] Ei anna kvinne som er omtala som reisefelle med Sara på forkynningsferder, var Kirsten Fossen frå Kvikne.[12]

Leiaransvar

Sara Oust vart leiar for det haugianske venesamfunnet i Vingelen og Nord-Østerdal.[13] Det galdt ikkje berre på det åndelege plan, men også på det verdslege. Røros koparverk hadde ei gruve i Vingelen, der malmen vart frakta til smeltehytta på Tolga. Etter at gruva hadde lege brakk ei tid, overtok det haugianske venesamfunnet den i 1804. Hans Nielsen Hauge hadde oppfordra til dette da han på reisa si frå Trondheim gjennom Gudbrandsdalen hadde møtte nokre vener frå Vingelen som hadde fortalt om denne malmgangen. Hauge fortel sjølv at han «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der».[14] Eit titals haugevener, nokre tilflytta frå Folldalen, Røros, Tolga, Tynset og Dalsbygda, gjekk saman om å drive gruva. Hytteskrivar Irgens skriv i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr., Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»[15] Dette er Sara Oust.

Haugianarane måtte etter ei tid trekkje seg frå drifta, da dei ikkje fekk det løyvet dei måtte ha frå styresmaktene. Dei vart utløyste av Folldal Verk, som så dreiv gruva til 1818, moglegvis i forståing med haugevenene.[16] I alle høve overtok igjen Røros verk gruva i Vingelen i 1821, og verksemda der heldt på til 1835.


Referansar

  1. Sjursen, F. Wiig 1997, side 130.
  2. Norske Gaardnavne, bd. 3 side 411, gnr. 10.32 og 10.33.
  3. Kyrkjebok for Tolga, dåpsinnførsel for Sara.
  4. Eggen, E. 1943:197
  5. Bakken, A.O.1973:14.
  6. Kyrkjebok for Tolga, vigselsinnførsel for Torger og Mari.
  7. Sara Ingbritsdatter i folketelling 1801 for Tolga fra Digitalarkivet
  8. Kyrkjebok for Tolga, vigselsinnførsel for Sara og Ola.
  9. Eggen, E. 1943:198
  10. Bakken, A.O. 1973:4-5.
  11. Bakken, A.O. 1973:15-16. Heggtveit, H.G. 229-230.
  12. Røe og Røe Ødegård 2020.
  13. Haukland, L. 2017, side 6 not 16 og 17.
  14. Bakken, A.O. 1973:7. Jf. Sæter, I. 1908:17.
  15. Bakken, A.O. 1973:18
  16. Bakken, A.O. 1973:7.

Kjelder og litteratur

  • Bakken, Arne O.: Haugianerne i Nord-Østerdal de første årene og lederen Sara Oust 1778-1822. Småtrykk utg. i samband med reisinga av minnesmerket over Sara Oust i Vingelen 1973.
  • Bygdebok. Vingelen. Bind 1. Utg. av Vingelen bygdeboknemnd 2006.
  • Eggen, Eystein: Vingelen. Sogeminner frå heimbygda. Normanns kunstforlag, Oslo 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Furseth, Inger: «Kvinnenes plass i haugebevegelsen», i Dørum, K. og Sødal, H.K. (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon. Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2017.
  • Haukland, Linda: «Spor av haugiansk feminisme» i Lokalhistorisk magasin 2/2017.
  • Heggtveit, H.G.: Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Bd. 1. Kristiania 1905-1911. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Røe, Ingrid Petronille og Ødegård, Karin Røe: «Haugianerkvinnen Sara Oust (1778-1822)», manus til artikkel, 2020.
  • Sjursen, Finn Wiig: Den haugianske periode (III), 1796-ca 1850. Artikler om Hans Nielsen Hauge, haugianismen og bevegelsens betydning for kultur og opplysningsarbeid.. Norsk lærerakademis forlag, Bergen 1997. (Rapport nr. 5 i NLAs friskoleprosjekt.) Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sæter, Ivar: Tolgen. Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1908. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Østigaard, Arne Dag: Artikkel om Sara Oust i Norsk biografisk leksikon.
  • Sara Oust i Historisk befolkningsregister.